Hopp til innhald

Fagstoff

Godsansvarsforsikring

Dette er ei forsikring som transportøren kjøper for å dekkje skadar som oppstår på godset til kunden under lasting, lossing og transport.
Biletet viser ein lastebil med gods som har køyrt av vegen.

Alle godstransportørar kan vere uheldige og gjere skade på eller tape godset dei transporterer. Styresmaktene har bestemt at dei som får skadd eller taper godset sitt, har krav på erstatning frå transportøren.

For at transportøren ikkje skal måtte betale for skaden eller forseinkinga som oppstår direkte frå drifta, kjøper godstransportøren derfor ei godsansvarsforsikring slik at kunden får godset dekt gjennom denne forsikringa.

Reglane for kor mykje ein får dekt, finn du i vegfraktlova på nettsidene til Lovdata. Reglane er ulike for internasjonale sendingar og innanlandssendingar.

Internasjonale sendingar

Erstatningsansvaret til transportørane er avgrensa til verdien av vara, eller maksimum 8,33 SDR per kilo bruttovekt tapt eller skadd gods.

Innanlands sendingar

Erstatninga for tapt eller skadd gods er her avgrensa til vareverdien, eller maksimalt 17 SDR per kilo bruttovekt gods.

Kva er SDR?

SDR = Special Drawing Rights, eller "spesielle trekkrettar" på norsk.

Valutakoden er XDR. Kursen på SDR varierer over tid, som du kan sjå i oversikta over valutakursar på nettsidene til Norges Bank.

22. februar 2022 var verdien på 1 SDR 12,43 norske kroner.

Ut frå dette var den maksimale erstatninga vi kunne fått 22. februar 2022:

Innanlands gods:

17 x 12,43 kr = 211,31 kr per kilogram skadd gods.

Internasjonalt gods:

8,33 x 12,43 kr = 103,54 kr per kilogram skadd gods.

Døme på berekning av erstatning

Ein pc-forhandlar (næringsdrivande) bestiller to pc-ar frå Komplett AS. Kvar pc veg 3 kg og har ein verdi på 5000 kr. Komplett sender pc-ane med Bring. Under transporten blir begge pc-ane skadd.

For kvart kilogram skadd gods blir det maksimale erstatningsansvaret til transportøren:

17 x 12,43 kr = 211,31 kr

Her skader transportøren 6 kg gods, slik at transportøren må betale erstatning på:

6 x 211,31 kr = 1267,86 kr

Verdien av pc-ane var til saman 10 000 kr.

Bedrifta som sende pc-ane, taper dermed:

10 000 kr – 1267,86 kr = 8732,14 kr

Dette tapet kjem av at transportøren har eit avgrensa erstatningsansvar.

Relatert innhald

CC BY-SASkrive av Gunnar Ottesen. Rettshavarar: NKI Forlaget og Amendor AS
Sist fagleg oppdatert 23.02.2022

Læringsressursar

Forsikring