Hopp til innhald
Fagartikkel

Ytingsbasert og innskotsbasert pensjon

Det er bestemt ved lov at arbeidsgivarar skal opprette kollektive tenestepensjonsordningar. Her lærer du om dei to alternativa ein arbeidsgivar kan velje.

Folketrygda representerer eit sosialt sikkerheitsnett. På grunn av aukande levealder aukar utgiftene til Folketrygda raskt. I staden for å auke trygdeavgiftssatsen har myndigheitene innført ei obligatorisk tenestepensjonsordning som gjeld for alle lønnsmottakarar.

Arbeidsgivarar kan velje mellom to ulike former:

  • YTP – ytingsbasert tenestepensjon = innbetaling av ein fast prosentsats av lønna til eit premiefond og livsvarig utbetaling av årlege pensjonsbeløp som kjem i tillegg til folketrygda.
  • ITP – innskotsbasert tenestepensjon = innbetaling av avtalte premiebeløp som skal betalast ut i tillegg til folketrygda i 10 eller 15 år etter oppnådd pensjonsalder.