Hopp til innhald

Fagstoff

Reiseforsikring

Gjennom å teikne reiseforsikring er du forsikra dersom du skulle miste bagasjen din, må avbestille reisa eller flytte ferien fordi du har vorte sjuk, eller dersom fly og offentlege transportmiddel er forseinka.
Foto av person med koffert på ein flyplass.
Opne bilete i eit nytt vindauge

Ei reiseforsikring består av mange element. Dei viktigaste dekningane er reisesjukdom og heimtransport.

Risikoen for å bli sjuk eller utsett for ulykker, ran og tjuveri er større på reise enn i den vanlege kvardagen. Den største økonomiske risikoen er å hamne på sjukehus eller måtte få heimtransport. Dette kan bli kostbart viss ein ikkje har reiseforsikring.

Alle heilårs reiseforsikringar gjeld på kortare turar i Noreg òg.
Fleire av reiseforsikringane gjeld også om du berre skal ein liten tur på det lokale kjøpesenteret ditt, på kino eller på treningssenteret. Det som er viktig, er at reiseforsikringa ikkje stiller minimumskrav til opphald.

Reiseforsikringa gjeld ikkje i heimen, på arbeidsstaden eller på strekninga mellom heim og arbeid.

Ei reiseforsikring består av desse hovudelementa:

  • Reisegods
    Alle eigedelar du har med deg heimanfrå på turen, også lånte ting, er omfatta. Viss du mister ting, blir ikkje dette dekt av reisegodsdekninga, men i nokre reiseforsikringar er det inkludert ei uhellsforsikring.

  • Sjukdom
    Utgifter du har i samband med sjukdom og ulykker som oppstår på turen, inklusive alle utgifter i samband med behandling, blir dekte. Reiseforsikringa dekkjer uavgrensa kostnader for legebesøk, sjukehus eller liknande, og for heimsending.

  • Forseinking
    Her er det fleire typar forseinking som blir dekte:

    Bagasjeforseinking
    Ved forseinking over eit visst tal timar kan ein få dekt eit beløp for å kunne kjøpe nødvendige artiklar til bagasjen er på plass igjen.

    Forseinka avgang/frammøte og innhenting av reiserute
    Viss du uforskyld blir forseinka til avreisa, får du erstatning for å kunne kjøpe nye billettar. Dette gjeld anten forseinkinga kjem av problem med eigen bil (du må ha tilkalla bergingsbil) eller kollektiv transport.

    Forseinka framkomst til reisemålet
    Ved flyforseinking er det nokre selskap som gir erstatning viss flyet er meir enn åtte timar forseinka når det kjem fram til reisemålet.

  • Ulykke
    Forsikringa skal gi erstatning ved død og invaliditet og dessutan dekkje utgifter for medisinsk behandling, også etter at reisa er avslutta. Her er det avgrensingar for eldre personar og barn.

  • Avbestilling
    Tap du har på fly, hotell, billettar til arrangement og så vidare, blir dekte.

  • Evakuering
    Viss du må avbryte ei reise på grunn av krig, terror eller liknande, dekkjer forsikringa evakuering. Som oftast er det inga beløpsavgrensing på dette.

  • Reiseansvar
    Forsikringa skal dekkje det erstatningsansvaret du pådreg deg overfor ein uskuldig tredjepart. Men gjer du brotsverk, må du sjølvsagt svare for dette sjølv. Dekninga gjeld utanfor Norden. I Norden er du dekt av hus- og innbuforsikringa.

  • Rettshjelp
    Rettshjelpsforsikringa gjeld for reiser utanfor Norden. På same måte som med ansvar er du dekt av hus- og innbuforsikringa.

  • Eigendel leigebil
    Fleire og fleire reiseforsikringar har med ei dekning av eigendelen du må betale viss du opplever skade på eller tjuveri av leigebil.


Kva dekkjer ikkje reiseforsikringa?

Det er visse unntak som gjeld i forsikringa. Spesielt gjeld dette for risikosport som fallskjermhopping, fjellklatring, sportsdykking og liknande. Her er vilkåra ulike frå selskap til selskap. For dei som driv med denne typen sportslege aktivitetar, er det svært viktig å studere desse unntaka.

Det er ein del dekningar som nokon, men ikkje alle, reiseforsikringar har. Dei fleste forsikringsselskapa tilbyr ei utvida reiseforsikring, som dekkjer meir enn basis-reiseforsikringa, til dømes leigebilforsikring.

Undersøk alltid kva reiseforsikringa di dekkjer, før du dreg på tur. Sjekk også kva tryggingsforskrifter som gjeld. Bryt du dei, får du ikkje erstatning, eventuelt blir erstatninga redusert.

CC BY-SASkrive av Mette Broen. Rettshavar: Smarte Penger
Sist fagleg oppdatert 27.01.2022

Læringsressursar

Forsikring