Hopp til innhald

Fagstoff

Pensjonsforsikring

Pensjonsforsikringar er individuelle eller kollektive og representerer det vi har å leve for når vi pensjonerer oss.
Pensjonister
Opne bilete i eit nytt vindauge

Pensjonsforsikringar kan vere kollektive eller individuelle spareforsikringar. Vi betaler inn årlege beløp til pensjonsfond. Pengane står på konto og gir renter fram til vi blir pensjonistar. Då startar årlege utbetalingar frå pensjonsforsikringsfondet. Kor store dei årlege utbetalingane blir, er avhengig av kor mykje vi har betalt inn, og over kor mange år vi vil ha utbetalt pensjonsbeløpa.

Folketrygda

Folketrygda er ei kollektiv pensjonsforsikring. Den er delvis finansiert gjennom premiar som vi betaler inn med lønna vi tener. Alle arbeidsgivarar må betale inn ein del av lønnsutbetalingane sine i form av ei trygdeavgift til folketrygda. Lønnsmottakarane har dei seinare åra betalt 7,8 % av lønna i trygdepremie.

Ved denne ordninga vil det vere slik at jo høgare lønn du har, jo meir vil du betale i trygdepremie. Dette fører til at dei som har høgast lønn, også vi motta mest i pensjon. Ordninga er laga slik for å unngå ein kraftig reduksjon i inntekt når vi når pensjonsalderen. Sjølvstendig næringsdrivande må sjølv teikne ei individuell pensjonsforsikring for å få rett til ein større pensjon enn minstepensjonen i folketrygda.

I tillegg til alderspensjon gir folketrygda økonomisk hjelp ved sjukdom, skadar og lekamsfeil, svangerskap og fødsel, arbeidsløyse, uførleik, einsleg forsørgjaransvar, dødsfall og tap av forsørgjar. Folketrygda dekkjer dessutan utlegg til medisinsk behandling og rehabilitering og til attføring til arbeidslivet.

CC BY-SASkrive av Gunnar Ottesen. Rettshavarar: NKI Forlaget og Amendor AS
Sist fagleg oppdatert 19.12.2018

Læringsressursar

Forsikring