Hopp til innhald

Fagstoff

Kva er ei bilforsikring?

Ei bilforsikring skal minimum dekkje skadar du påfører andre menneske og andre sine ting, og ho kan i beste fall dekkje skadar du sjølv har skuld i, i tillegg til leigebil og skadar på eigne eigedelar og tilbehøyr til bilen.
Biletet viser ein bilnøkkel i ein lås på ein raud bil.
Opne bilete i eit nytt vindauge

Tre kategoriar for bilforsikring

Ei bilforsikring blir delt inn i tre ulike kategoriar:

  • ansvarsforsikring eller trafikkforsikring

  • delkasko

  • fullkasko (pluss/super)

Mange selskap gir eigne namn til hovudkategoriane, og du vil derfor møte på ulike variantar av dei tre hovudgruppene hos ulike forsikringsselskap.

Til dømes er "superkasko" og tilsvarande uttrykk nokså vanlege for å beskrive fullkaskoforsikringar med ekstra god dekning eller andre tilleggsfordelar.

Kva er ansvarsforsikring?

Ansvarsforsikring, eller trafikkforsikring, er ei lovpålagd forsikring som dekkjer skadar du som sjåfør påfører andre personar, køyretøy og eigedelar. Det er dermed ulovleg å ha ein bil utan ansvarsforsikring. Dei fleste nordmenn har i tillegg til ansvarsforsikring ei kaskoforsikring.

Dersom du berre har ansvarsforsikring og hamnar i ei bilulykke som er din feil, vil du ikkje få dekt skadar på din eigen bil eller på eigedelane dine. Sidan bilreparasjonar blir rekna for å vere svært dyrt, særleg ved større ulykker, vil det vere godt for dei fleste å ha ei bilforsikring som dekkjer dette, altså ei kaskoforsikring.

Du kan lese meir om dette i bilansvarslova på nettsidene til Lovdata.

Kva skal du velje av fullkasko eller delkasko?

Delkasko dekkjer tjuveri, lynnedslag, eksplosjon, brann, redning og veghjelp i tillegg til skadar på bilruter på eigen bil.

Viss det er du som forårsakar ei ulykke, vil du ikkje få dekt skadar på eige køyretøy og eigedelar viss du har ein delkaskoavtale.

Viss du har ein eldre bil med låg marknadsverdi, til dømes mellom 50 000 kroner og 100 000 kroner, vil det for dei aller fleste ikkje vere naudsynt med fullkasko. Dette heng saman med eigendelen ved ulykker og tap av bonus, som til saman fort kan bli dyrare enn å dekkje skaden sjølv. Men valet av delkasko føreset sjølvsagt at du har økonomi til å dekkje skadane sjølv.

Fullkasko dekkjer i hovudsak skadar på bilen og eigedelane dine, sjølv om du sjølv er skuld i ulykka. Eig du ein bil med høgare marknadsverdi enn 100 000 kroner, bør du ha fullkaskoforsikring.

Merk at forsikringsselskapa har ulike variantar med ulike namn på kaskoforsikringane.

Kva som er inkludert i kva fullkaskoforsikring, kan dermed variere. Som regel vil ein pluss- eller superforsikring dekkje ekstra gode som til dømes leigebil, feilfylling, tapte nøklar og så vidare.

Det er viktig at du samanliknar same type forsikringar med same dekningar når du samanliknar prisar frå dei ulike selskapa, slik at du samanliknar på likt grunnlag.

CC BY-SASkrive av Mette Broen.
Sist fagleg oppdatert 27.01.2022

Læringsressursar

Forsikring