Hopp til innhald

Fagstoff

Individuelle og kollektive forsikringar

Vi kan inngå ulike forsikringsavtalar. Her skal du få lære forskjellen på individuelle og kollektive forsikringar.
Silhuett av stor gruppe menneske under diger paraply. Illustrasjon.
Opne bilete i eit nytt vindauge

Ei individuell forsikring har normalt to partar:

  • ein forsikringstakar
  • eit forsikringsselskap

Ei kollektiv forsikring har normalt tre partar:

  • ein forsikringstakar som kan vere ein arbeidsgivar eller ei foreining
  • dei forsikra (arbeidstakarar eller foreiningsmedlemmer)
  • eit forsikringsselskap

Alle som er medlem av ei kollektiv forsikringsordning, er forsikra på dei same vilkåra.

Døme på ei individuell forsikring

Dei fleste som kjøper ny bil, teiknar ei bilforsikring. Dette er eit døme på ei individuell forsikring. Bileigaren betaler ein årleg forsikringspremie. Som motyting tek eit forsikringsselskap på seg å betale erstatning til bileigaren dersom bilen blir påført skade.

Kasko

(frå spansk cazco, "skipsskrog")

Vi kallar ofte forsikringar av transportmiddel (bil, båt og fly) for kaskoforsikringar.

Nøkkel i ein billås. Foto.

Døme på ei kollektiv forsikring

Nokre kollektive forsikringar er lovpålagde. Eit døme på ein slik er yrkesskadeforsikringa.

Alle arbeidsgivarar må betale ein forsikringspremie til eit forsikringsselskap for kvart årsverk som arbeidsgivaren sysselset. Forsikringsselskapet plasserer forsikringspremiane i eit premiefond. Fondet betaler ut erstatning til arbeidstakarar som blir utsette for yrkesskadar eller arbeidsulykker som har redusert den framtidige arbeidsevna deira. Arbeidsgivarar som ikkje har teikna yrkesskadeforsikring, må sjølv betale erstatning til arbeidstakarar som pådreg seg yrkesskade, sidan slik skadeforsikring er påboden ved lov.

Person som har skadd seg på jobb og ligg på golvet med vernehjelm ved sida av. Foto
Opne bilete i eit nytt vindauge
CC BY-SASkrive av Gunnar Ottesen. Rettshavarar: NKI Forlaget og Amendor AS
Sist fagleg oppdatert 24.01.2022

Læringsressursar

Forsikring