Hopp til innhald

Fagstoff

Skade-, livs- og pensjonsforsikringar

Forsikringsselskapa opererer med ulike forsikringstypar. Her lærer du om tre viktige slike: skadeforsikringar, livsforsikringar og pensjonsforsikringar.
Bergingsbil forbereder slap av lastebil. foto.
Opne bilete i eit nytt vindauge

Forsikringar vi teiknar for å få erstatning om vi skader ting, kallar vi skadeforsikringar. Forsikringsselskapa set ulike namn på skadeforsikringar. Døme på nokre vanlege innanfor transport er:

  • Godsansvarsforsikring
  • Transportforsikring (vareforsikring)
  • Bilforsikring (kasko)
  • Reiseforsikring

Livsforsikringar og gruppelivsforsikringar

Livsforsikringar er forsikringar som vi teiknar for at våre etterlatne skal få utbetalt ein større sum dersom vi skulle døy. Slike forsikringar kan vere både individuelle og kollektive.

Ein arbeidsgivar teiknar ofte ei kollektiv gruppelivsforsikring for alle sine tilsette. Om ein arbeidstakar døyr, vil den personen forsikringsavtalen omtaler (som regel ekfetelle, men nokre gonger også sambuar), få utbetalt ein større sum.

Yrkessjåførar som driv enkeltpersonføretak, bør teikne individuell livsforsikring. Ved død vil etterlatne få utbetalt summen som er avtalt i forsikringsavtalen.

Pensjonsforsikringar

Når vi mottek lønn frå ein arbeidsgivar, er arbeidsgivaren pliktig å trekkje ei trygdeavgift frå bruttobeløpet vi tener. Trygdeavgifta utgjer 7,8 % (2012) av lønna og går til å delfinansiere pensjonen vi mottek frå Folketrygda når vi blir alderspensjonistar. Om vi skulle bli uføre før vi når pensjonsalderen, vil vi få utbetalt uførepensjon fram til alderspensjonen tek over.

I tillegg er det bestemt ved lov at arbeidsgivarar må opprette kollektive pensjonsordningar. Pensjonsforsikringar fungerer mest som spareordningar der vi betaler inn årlege premiebeløp så lenge vi er yrkesaktive. Frå det tidspunktet vi blir pensjonistar, begynner utbetalingane. Det vi har spart opp, kjem då som eit tillegg til utbetalingane frå Folketrygda.

En arbeidsgiver er pålagt å opprette en kollektiv pensjonsordning.
CC BY-SASkrive av Gunnar Ottesen. Rettshavarar: NKI Forlaget og Amendor AS
Sist fagleg oppdatert 24.01.2022

Læringsressursar

Forsikring