Hopp til innhald

Oppgåver og aktivitetar

Pensjonistar på noregsferie

Det blir fleire pensjonistar i landet vårt, og mange av dei liker eit lengre opphald i varmare strøk om vinteren. Korleis kan vi leggje til rette for flotte reiseopplevingar for pensjonistar i Noreg om vinteren, som eit alternativ til ein sydentur?
Eldre mann med rullator på glatt vinterføre. Foto.
Opne bilete i eit nytt vindauge

Oppgåve 1: rollespel

  • Jobb i grupper på tre.
  • De skal lage eit rollespel der de representerer høvesvis pensjonistane, ein norsk turoperatør og eit destinasjonsselskap.
  • Rollespelet skal vere eit møte mellom dei tre partane der de diskuterer nye reisetilbod i Noreg for pensjonistar. Innleiingsvis skal de diskutere kva som er bra og mindre bra med dagens tilbod.
Forarbeid
  • Lag eit intervju for å innhente litt bakgrunnsinformasjon. Formuler spørsmål om reiseønske og behov ved ein noregsferie.
  • Gjennomfør intervjuet med nokre pensjonistar de kjenner.
  • Undersøk på nettet kva reisetilbod som finst for pensjonistar i Noreg.
    • Kva tilbod finst i form av pakketurar?
    • Kva aktivitetstilbod finst?
    • Korleis blir det lagt til rette for turar for pensjonistar?
    • Er det mange eller få tilbod?
  • Kva tenkjer de er viktige faktorar å leggje vekt på når de skal lage pakketurar i Noreg for pensjonistar?
  • Korleis blir reisetilboda marknadsførte for pensjonistar?
  • Kva behov og ønske har pensjonistane? Og kva skal til for at dei vil byte ut ein tur til Spania med ei noregsreise?
  • Lag rollespelet.
  • Framfør rollespelet for klassa.

Oppgåve 2: presentasjon

  • Med utgangspunkt i rollespelet skal de lage eit forslag til ei vekes noregsreise for pensjonistar. Forslaget skal innehalde
    • transport
    • overnatting
    • servering
    • aktivitetar og opplevingar
  • Lag ein presentasjon av forslaget og framfør han for klassa. La klassa kome med forslag som kan gjere noregsreisa endå betre.

Lykke til!

Helsefagarbeidar på tur utandørs med eldre dame i rullestol og eldre mann med rullator. Foto.
Opne bilete i eit nytt vindauge
CC BY-SASkrive av Cathrine Meyer Johansen.
Sist fagleg oppdatert 04.12.2020

Læringsressursar

Trendar i reiselivet