Hopp til innhald

Fagstoff

Nye trendar i reiselivet

Turistar i dag ønskjer å kome tett på lokal kultur, folk og natur. Nye trendar skaper nye marknader for reiselivet, både nasjonalt og internasjonalt.
Eit menneske poserer på ein fjelltopp i Lofoten, med vakker utsikt til fjell og hav. Nydeleg og stille vêr. Foto.
Opne bilete i eit nytt vindauge

Internasjonal utvikling

Dei aller fleste trendane i reiselivet byggjer på internasjonal utvikling.

I dei fleste tilfella er trendane synlege over heile eller store delar av verda. I ein stor global marknad vil det vere eit breitt sett av utviklingstrekk og trendar. I ein global målestokk kan mange av desse representere store marknadsmessige moglegheiter.

Befolkninga i verda veks, byar og tettstader blir større, og nærleiken til naturen blir redusert. Overbefolkning og masseturisme har ført til trendar som aukar etterspurnaden etter naturbaserte opplevingar og aktive feriar. Noreg er eit attraktivt alternativ og blir av mange oppfatta som eit land med frisk luft, god plass og flott natur.

Reisa er sjølve målet

Den nye trenden "slowcation" aukar stadig i popularitet. Dette er eit resultat av eit hektisk kvardagsliv og stort fokus på klimautslepp frå fly. Reisa blir målet i seg sjølv, det hastar ikkje lenger å kome fram til reisemålet. Dette påverkar både togferiar, bilferiar, fotturar, sykkelturar og båtturar.

Togtrenden

Togferie er ein gammal reisetrend som er på veg tilbake. Oppslag i aviser og sosiale medium har truleg bidrege til den nye trenden. Facebook-gruppa "Togferie" har godt over 35 000 medlemmer, og her blir det diskutert tips og turar. Interrail var ein veldig populær reisemåte for ungdommar på 1980-talet, og har no fått ei ny oppblomstring.

Flåmsbanen. Tog i frodig natur med høge fjell i bakgrunnen. Foto.
Opne bilete i eit nytt vindauge

Heritage-trenden

Eit anna døme på ein av dagens trendar er "heritage-trenden". Bakgrunnen for denne trenden er at stadig fleire ønskjer å finne tilbake til sine eigne røter. Store TV-produksjonar av typen Alt for Norge har bidrege til ein sterk auke i interessa for slektsforsking. Dette skaper nye marknader for reiselivsbedrifter som kan tilby ei oppleving av å finne røtene sine.

Slike trendar gir eit lite land som Noreg moglegheit til å konsentrere produkta og marknadsføringa mot dei marknadene som passar oss aller best.

Gammalt gardstun på Vest-Telemark museum. Foto.
Opne bilete i eit nytt vindauge

Kultur- og naturopplevingar – historieforteljingar

Mange turistar ønskjer no å oppleve det . Dei vil reise til stader dei ikkje har vore på før, gjerne dit ikkje så mange andre har vore heller. Fleire vel no bort tradisjonell sightseeing, med ønske om å oppleve både stemning og stader slik det er i dag. Dei vil sjølve vere ein del av opplevinga – og gjerne også lære nokre nye ferdigheiter i ferien.

Byggverk med teltvegger på snødekt mark, med folk og sledar rundt. Foto.
Opne bilete i eit nytt vindauge
CC BY-SASkrive av Cathrine Meyer Johansen.
Sist fagleg oppdatert 17.09.2020

Læringsressursar

Trendar i reiselivet