Hopp til innhald

Fagstoff

Megatrendar

I ordboka er megatrend forklart som ein særleg framståande (internasjonal) trend. Kva skal til for at vi kan kalle ein trend ein megatrend, og kva betyding har megatrendar for reiselivsnæringa?
Turistar blir frakta med hest og kjerre over ei bru ved eit mektig fossefall. Foto.
Opne bilete i eit nytt vindauge

Kva meiner vi med megatrend?

Når vi snakkar om trendar, dekkjer omgrepet oftast mindre åtferdsendringar som er meir interessante for dei som skal utvikle nye produkt, enn for dei som ønskjer å analysere dei store endringane i samfunnet.

Megatrendar, derimot, er grunnleggjande strukturelle forandringar i samfunnet. Globale faktorar som påverkar verda, og samfunnet vårt, er i konstant endring. Dette påverkar tilbod og etterspurnad etter varer og tenester. Megatrendar som påverkar heile verda, bidreg òg til endringar i reiselivet over tid.

Megatrendar kan delast opp i seks ulike kategoriar:

  • politiske faktorar
  • sosiale faktorar
  • økonomiske faktorar
  • miljømessige faktorar
  • demografiske faktorar
  • teknologiske faktorar

Trendforsking

John Naisbitt er ein av dei fremste trendforskarane i verda. Saman med Patricia Aburdene skreiv han bøkene Megatrends og Megatrends 2000. I 1982 beskreiv dei ti megatrendar som dei meinte ville påverke oss i eit hundreårsperspektiv:

  • frå det industrielle samfunnet til informasjonssamfunnet
  • frå tvungen teknologi til høgteknologi / "høg touch"
  • frå nasjonalt basert økonomi til verdsbasert økonomi
  • frå kort tidsperspektiv til langt tidsperspektiv
  • frå sentralisering til desentralisering
  • frå institusjonell hjelp til sjølvhjelp
  • frå representativt demokrati til deltakardemokrati
  • frå hierarki til nettverkssamarbeid
  • frå "nord" til "sør"
  • frå anten–eller til fleire moglegheiter

Megatrendar og utvikling

Fleire av desse megatrendane er relevante når vi analyserer utviklinga. I teknologisk samanheng er det veldig lenge sidan 1982. Samtidig er det lett å sjå at John Naisbitt og Patricia Aburdene trefte godt då dei beskreiv mykje av det som allereie kjenneteiknar dei viktigaste trendane i dag.

Reiselivet har opplevd ein stor vekst dei siste ti åra, og den raske utviklinga heng saman med megatrendane. Tal frå OECD viser at det i 2019 var 1,5 milliardar turistar på reise internasjonalt, og at vi framleis kan forvente vekst på lang sikt.

Ein fortsett vekst i reiselivet fører til sosiale og miljømessige utfordringar. Eit døme på ei sosial utfordring kan vere mangel på lokal oppslutning om reiselivet på grunn av invasjon av turistar i små lokalsamfunn. Dette kan skuldast både at lokalbefolkninga opplever at turistane påverkar kvardagen deira på ein negativ måte, og at turismen fører til auka prisnivå på bustader.

Det er viktig at nye internasjonale, nasjonale og regionale strategiar blir utforma med tanke på eit meir berekraftig reiseliv. Reiselivet må i tillegg til å vere konkurransedyktig og lønsamt, skape heilårig sysselsetjing og bidra til ei berekraftig omstilling.

På kort sikt er situasjonen for reiselivsnæringa veldig uviss. Pandemien covid-19 har ramma næringa hardt og har ført til ein sterk nedgang i talet på reisande. Det er uvisst kor lang tid det vil ta før reiselivet er i vekst att.

Kjelder


Naisbitt, J. (1982). Megatrends – Ten New Directions Transforming Our Lives. New York: Grand Central Publishing.


OECD. (2020). Key Findings – Tourism Trends and Policies 2020. Henta frå https://www.oecd.org/cfe/tourism/2020-tourism-brochure.PDF

CC BY-SASkrive av Kyrre Romuld og Cathrine Meyer Johansen. Rettshavarar: NKI Forlaget og Amendor AS
Sist fagleg oppdatert 28.09.2020

Læringsressursar

Trendar i reiselivet