Hopp til innhald

Fagstoff

Klima- og miljøutfordringar

Reiselivet har mange utfordringar når det gjeld klima- og miljøspørsmål. Det handlar både om å redusere forureining og utslepp og om å utvikle berekraftige reiselivsprodukt.
Cruiseskip i Geirangerfjorden. Bilete teke ovanfrå på lang avstand så vi ser ei bratt fjellside med ein foss i bakgrunnen. Foto.
Opne bilete i eit nytt vindauge

Med den sterke internasjonale merksemda rundt miljø og klima har store delar av reiselivsnæringa hatt utfordringar med å forsvare bidraga sine til utslepp, forureining og negativ påverknad på lokal kulturarv.

Miljøutfordringar

Stadig fleire reiselivsaktørar legg berekraft og miljømedvit til grunn ved produktutvikling. Dei er òg meir medvitne på å marknadsføre det dei gjer for å minske miljøavtrykket frå gjestane.

Flyselskap og turoperatørar jobbar hardt for å bli meir miljøvenlege. Kostnadene med miljøsatsinga er det ofte turistane som må betale, gjennom auka avgifter og frivillige donasjonar.

TUI sitt arbeid for ei meir berekraftig verd

På nettsida til reiseselskapet TUI presenterer dei tiltaka sine for ei meir berekraftig reiselivsverd.

For å redusere utslepp og bli meir attraktive og miljøvenlege innfører fleire cruise- og ferjeselskap elektriske løysingar eller hybrid-løysingar på skipa. Det blir òg lagt om til mindre bruk av plastprodukt i heile reiselivsnæringa.

Hurtigruteskipet Fridtjof Nansen ligg til kai. Fjell i bakgrunnen. Foto.
Opne bilete i eit nytt vindauge

Klimautfordringar

Klimaendringar er ei anna stor utfordring for reiselivet. Til dømes vil varmare og meir ustabile vintrar kunne føre til mindre etterspurnad frå skiturister og brevandrarar.

Skianlegga kan kompensere med meir produksjon av kunstsnø. Til dømes opna verdas største innandørs skianlegg Snø utanfor Oslo i 2019. Dei omtaler seg sjølv som "verdens råeste helårsarena for snøopplevelser".

Hetebølgjer, særleg i Sør-Europa, finst stadig oftare. Dette kan føre til ein svikt i etterspurnaden etter Syden-turar om sommaren.

CC BY-SASkrive av Kyrre Romuld. Rettshavarar: NKI Forlaget og Amendor AS
Sist fagleg oppdatert 17.01.2019

Læringsressursar

Trendar i reiselivet