Hopp til innhald

Fagstoff

Bruk av teknologi

Har du bestemt reisemål ut frå flotte bilete på sosiale medium? Via SoMe-kanalar får vi vite om opplevingane til andre. Bilete og videosnuttar viser oss reisemål vi kanskje ikkje hadde tenkt på. Reiselivsbedriftene når på denne måten ut til nye målgrupper.
Augmentet Reality i skjermen på ein mobiltelefon. Eit 3D-bilete av eit slott i ein skog veks ut av skjermen. Illustrasjon.
Opne bilete i eit nytt vindauge

Ny teknologi har allereie revolusjonert reiselivsnæringa innanfor område som marknadsføring, bookingløysingar og annan kommunikasjon med gjestar. Mobilapplikasjonar leverer reiselivsrelatert informasjon og tenester, og papirbillettar og boardingkort er erstatta av digitale løysingar.

Delingsøkonomi

Airbnb og Über er døme på reiselivskonsept som tek utgangspunkt i deling av tenester gjennom formidlingsselskap. Denne typen tenester inngår i det vi kallar delingsøkonomi. Brukarar deler erfaringane sine med produktet, der kvalitet og service frå utleigra inngår. Airbnb utvidar no verksemda si til òg å omfatte lokale turar og aktivitetar. Dette blir førebels tilbode på nokre attraktive turistdestinasjonar.

Heimesida inneheld teksten "Welcome Home" og bestillingsmoglegheiter. Biletet viser eit hus med to personar som klemmer på utsida og ein person med koffert. Skjermdump.
Opne bilete i eit nytt vindauge


Delingsøkonomi bidreg til eit større mangfald i reiselivsnæringa. Det blir eit breiare utval av både overnattingsstader, transporttenester og aktivitets- og opplevingstilbod for dei reisande. Leverandørar må jobbe hardare for å vinne konkurransen om gjestane, noko som gir mykje makt til forbrukarane.

Selfieturisten

Sosiale medium har vorte ein stor og viktig kommunikasjonskanal både for leverandørar og forbrukarar. Mange vel reisemål ut frå bilete på sosiale medium. Selfieturisten skaper dermed nye marknader.

To unge personar tek ein selfie framfor slottet Neuschwanstein. Foto.
Opne bilete i eit nytt vindauge

Vareprat

Forbrukarar vil vanlegvis stole meir på andre forbrukarar enn på seljaren. Når forbrukarar deler erfaringar om ulike varer og tenester, blir det kalla "vareprat".

Tripadvisor.com er ein av fleire nettstader som er bygde opp rundt vareprat om hotell, restaurantar, bilutleige og andre tenester i reiselivet. Her kan gjestar leggje inn eigne meldingar, eigne bilete og rangere ulike serviceelement.

I dag er god omtale på Tripadvisor.com ofte heilt avgjerande for suksessen til ei reiselivsbedrift.

Teknologiske trendar

Amadeus er ein av dei største reiselivsteknologi-leverandørane i verda. Ifølgje Amadeus vil VR (virtual reality) og talestyring dominere framtida innan reiseliv. Av teknologiske trendar framhevar dei dei følgjande:

1. Talestyring

Det er svært sannsynleg at talebasert interaksjon vil spele ei stor rolle i framtida, fordi det no går føre seg ei stor omstilling frå menneskeleg til databasert aktivitet. Dette merkar vi allereie på fleire område i kvardagen i form av taleassistentar i heimen og på mobilen. Denne teknologien er òg på full fart inn i reiselivsbransjen, noko som framfor alt vil ha stor innverknad på kundeopplevinga.

2. Superappar

Superappar er ein trend som veks seg stadig sterkare. Ein superapp er ein applikasjon (app) som består av fleire appar i éin, noko som betyr at brukaren mellom anna kan vere aktiv på sosiale medium, handle, bestille mat eller taxi, kjøpe billettar, bestille overnatting og mykje anna utan å måtte byte mellom ulike appar. Vi kan dessutan forvente oss ei vidareutvikling av appar og anna innhald til mobilen, med tanke på at 5G-nettverket blir stadig meir utbreidd.

3. Virtuelle reiser

Virtuell røyndom (VR) kjem òg til å spele ei stadig større rolle i reiselivsbransjen. Etter kvart som VR-hovudsett blir rimelegare, vil reiseselskapa byrje å nytte VR i større grad enn tidlegare, først og fremst for å marknadsføre destinasjonane sine. Dette vil òg kunne bidra til at personar som ikkje har moglegheit til å reise, likevel kan få ei reiseoppleving.

4. Teknologi blir avgjerande for å auke kundelojaliteten

Teknologi vil vere ein viktig faktor for reiseselskapa i arbeidet med å skape lojale kundar. Reiselivsbransjen blir nøydd til å investere i teknologi som gjer det mogleg å knyte seg tettare til kundane og samtidig halde kostnadene for å skaffe nye kundar nede.

5. Menneskeleg kontakt framleis viktig

Samtidig som teknologien vil levere revolusjonerande løysingar for kundeservice, ønskjer dei reisande framleis menneskeleg kontakt. Reiseselskapa må derfor ha ein balanse mellom automatiserte løysingar og personleg kontakt for å kunne tilby den beste kundeopplevinga.

Kjelder


NHO Reiseliv (u.å). Delingsøkonomi. Henta 10. oktober 2020 frå https://www.nhoreiseliv.no/vi-mener/delingsokonomi/

Redaksjonen HSMAI(2020, 21. februar). Amadeus spår fem viktige reisetrender – Slik påvirker teknologien reisingen vår i 2020. Hentet fra https://hsmai.no/2020/02/21/amadeus-spar-fem-viktige-reisetrender-slik-pavirker-teknologien-reisingen-var-i-2020/

CC BY-SASkrive av Kyrre Romuld og Cathrine Meyer Johansen. Rettshavarar: NKI Forlaget og Amendor AS
Sist fagleg oppdatert 29.09.2020

Læringsressursar

Trendar i reiselivet