Oppgåve
Åleine på tur?
I Noreg er det stadig fleire som bur åleine, særleg i byane. Korleis kan vi leggje opp ferieturar som er spesielt tilrettelagde for åleinebuande?
- Tenk deg at du er tilsett i Singelturer og har fått i oppdrag å lage to forslag til ein langhelgstur i Noreg for åleinebuande.
Lag to heilt ulike pakketurforslag som inneheld
- transport
- overnatting
- servering
- aktivitetar og opplevingar
Du kan leggje opp til tematur, aktivitetstur, helsetur, shoppingtur eller noko anna.
- Presenter turforslaga dine for klassa.
- Diskuter i klassa kva det er viktig å leggje vekt på ved slike turar. Kvifor er det viktig at også folk som reiser åleine, får tilbod om tilrettelagde ferieturar?
Lykke til!