Økonomiske faktorar
Den økonomiske utviklinga er tradisjonelt den viktigaste faktoren når det gjeld utviklinga av reiselivet.
På kort sikt kan vi sjå korleis marknaden reagerer på kriser og katastrofar. Terrorangrepa i USA den 11. september 2001, vulkanutbrota på Island i 2010 og covid-19 i 2020 var alle hendingar som førte til dramatiske fall i turisttrafikken for mange marknader.
På lengre sikt er den økonomiske utviklinga over tid avgjerande for investeringane til bedriftene og prioriteringane til kundane mellom til dømes ferieforbruk og sparing.
Økonomisk vekst
Mange land opplever sterk økonomisk vekst utan at det skaper auka velferd og økonomisk handlefridom for størstedelen av innbyggjarane. I eit reiselivsperspektiv er det interessant å følgje utviklinga i ny-industrialiserte land som får auka fritid, betalt ferie og økonomisk handlefridom til å feriere.
Auka globalisering og fleire opne grenser har òg stimulert til auka reiseverksemd.
Når ein husstand blir ramma av arbeidsløyse og sviktande inntekt, er feriereiser blant det første som blir kutta, samtidig som reiser ofte blir prioriterte dersom inntektene stig. Dette har ein parallell i næringslivet, der talet på yrkesreiser, kurs og konferansar fell i tider med låg økonomisk vekst og redusert inntening, og dei aukar tilsvarande ved økonomisk oppgang.
I Stortingsmelding 19 (2016–2017) står det at samanhengen mellom økonomisk vekst, velstandsutvikling og vekst i internasjonal turisme er tydeleg.
Hos Statistisk sentralbyrå (SSB) finn vi ulike tal og statistikkar for norsk reiseliv. Gjestedøgnstatistikken publisert av SSB for februar 2020 viser at Noreg har hatt ein jamn vekst av utanlandske turistar sidan januar 2014.
Veksten i utanlandske turistar i 2019 vart likevel ikkje så stor som forventa. Uvisse rundt Brexit og handelskrigen mellom USA og Kina førte til lågare etterspurnad i Europa. Fleire lågpristuroperatørar som Thomas Cook gjekk konkurs, og mange mista jobbane sine.
Covid-19-pandemien var brutal for reiselivsnæringa over heile verda. Tal frå NHO reiseliv 2020 viser eit fall på heile 60 prosent blant utanlandske turistar til Noreg.
Visit Norway
Innovasjon Norge har ansvaret for den offisielle reiseguiden til Noreg, Visit Norway. På denne nettstaden har dei òg samla nøkkeltal om norsk reiseliv og turisme, under Visit Norway Innsikt.
Tidlegare erfaringar har heldigvis vist at det går an å kome sterkare tilbake etter økonomiske nedgangstider og kriser. I vanskelege tider blir reiselivsaktørane tvinga til å tenkje nytt, og kanskje finn dei nye og meir berekraftige løysingar på utfordringar knytte til natur, miljø, sosiale og kulturelle forhold.