Hopp til innhald
Oppgåve

Innovasjon og berekraft i reiselivet

Stadig fleire reiselivsaktørar legg berekraft og miljømedvit til grunn når dei utviklar nye produkt. I desse oppgåvene skal du undersøkje dei nyaste trendane innanfor norske reiselivsprodukt. Du skal òg kome med forslag til nye, innovative og berekraftige reiselivsprodukt.
Filmen handlar om

Utanfor skisesongen blir skiløypene i Trysil brukte som utforløyper for sykkel. I filmen ser vi ein familie som tek stolheisen opp med syklane sine og deretter set utfor bakken. Løypene dei køyrer, blir kalla for Magic Moose og er tilrettelagde med fleire spennande element, som oppbygde bruer, svingar og hopp. Det er lett å sjå på familien at dei synest dette er gøy; dei smiler og avsluttar med ein «high five».

Introduksjon

Videoen over viser sykkelløypene Magic Moose i Trysil. Trysil er mest kjend som ein vinterdestinasjon, med flotte skiløyper og -bakkar. Satsinga på sykkelaktivitetar er eit døme på korleis destinasjonen Trysil tenkjer for å utvide sesongane og drive berekraftig produktutvikling.

I klassa

Oppgåve 1: sjå videoen og diskuter

  1. På kva måte er sykkelaktivitetar eit berekraftig reiselivsprodukt?
  2. På kva måte er sykkelaktivitetar med på å utvide sesongane for Trysil?
  3. Kva ringverknader har sykkelaktivitetar for Trysil som destinasjon, både for næringsdrivande, lokalbefolkning og turistar?

I grupper på to eller tre

Opprett eit dokument der de gjer notat undervegs i arbeidet. Notata skal de til slutt bruke i ein presentasjon.

Oppgåve 2: undersøk

  • Sjå på eit norgeskart, og vel ut to destinasjonar de vil undersøkje, til dømes Oslo og Voss.
  • Gå «i djupna» på dei to destinasjonane de vel. Leit på nettet etter informasjon, og ring eller send e-post til destinasjons- eller turistkontoret dersom det er meir de lurer på (hugs å presentere dykk).
Tips om informasjonskjelder på nettet:

«Things to do» på Tripadvisor.no

Nettsida til destinasjonen, til dømes visitvoss.no

Visit Norway – visitnorway.no

  • Utforsk destinasjonane dykkar, og sjå spesielt på dette:

    • Kva tilbyr destinasjonane av overnatting?
    • Kva tilbyr destinasjonane av servering?
    • Kva tilbyr destinasjonane av aktivitetar og attraksjonar?
    • Korleis jobbar destinasjonane med berekraft?
    • Kva legg destinasjonane vekt på i marknadsføringa si?
    • Kven er målgruppa til destinasjonane, og korleis ser de det?
    • Korleis samarbeider reiselivsaktørane på destinasjonane?
    • Kva har reiseliv å seie for lokalbefolkning og næringsdrivande på destinasjonane?
  • Samanlikn informasjonen de har funne om dei to destinasjonane, og diskuter likskapar og forskjellar i korleis destinasjonane jobbar med berekraft.
  • Kva for ein av destinasjonane synest de har flest innovative og berekraftige reiselivsprodukt? Nemn døme og forklar.

Oppgåve 3: vêr innovative

  • Kom med forslag til eit nytt, innovativt og berekraftig reiselivsprodukt for destinasjonane de har valt. Produktet skal bidra til å utvide sesongane, og det må vere berekraftig.

Oppgåve 4: presenter

  • Lag ein fin presentasjon av funna de har gjort. De kan velje presentasjonsform sjølve – sjå tips om presentasjonsverktøy i boksen under.
  • Hald presentasjonen for resten av klassa.
  • Del presentasjonen dykkar, slik at alle i klassa får ei fin oversikt over norske destinasjonar og korleis dei jobbar.
Tips om presentasjonsverktøy