Hopp til innhald

Du er no inne i ein læringssti

Oppgåver og aktivitetar

Skriftleg oppgåve – analyser internasjonal nyheitsformidling

Øv deg på å løyse ei skriftleg oppgåve der du skal gjennomføre ein kritisk diskursanalyse av internasjonal nyheitsformidling.
 Ein mann skriv på eit nettbrett mens det svevar bokstavar rundt han. Illustrasjon.

Målet med denne oppgåva er

  • å vise at du meistrar mediefaglege omgrep og teoriar

  • å vise at du kjenner til nokre internasjonale nyheitsaktørar, og forstår forskjellen mellom verksemda til eit nyheitsbyrå og ein nyheitskanal

  • å reflektere over kven som produserer nyheitssaker, og korleis kulturbakgrunnen, kunnskapen og haldningane til avsendarane påverkar nyheitsdiskursen

  • å reflektere over internasjonale nyheitskriterium, og kva nyheiter som når fram til deg som mottakar

  • å forstå korleis vestlege nyheitsaktørar påverkar forståinga vår av land i sør

Oppgåve 1: Omgrep

Forklar og gi døme på desse omgrepa:

Oppgåve 2: Analyser ei nyheitsmelding (kortsvar)

I internasjonal nyheitsformidling blir nyheiter frå land i sør ofte plassert inn i velkjende og .

  1. Beskriv nyheitsramma i denne nyheitsartikkelen frå den engelske nettavisa The Guardian: Haiti: a long descent to hell

  2. Korleis føyer ingressen nedanfor seg inn i ein vanleg diskurs i vestlege medium om land i sør?

Haiti, born of slavery and revolution, has struggled with centuries of crippling debt, exploitation, corruption and violence.

Oppgåve 3: Perspektiv på internasjonal nyheitsformidling

Skriv ein kritisk analyse av internasjonal nyheitsformidling med bakgrunn i det du veit om korleis nyheitsbyrå og nyheitsjournalistar jobbar, og den kritikken land i sør har retta mot vestlege nyheitsmedium.

Relatert innhald

Korleis skaper og speglar språk og tekst bestemde verkelegheitsbilete? Her får du tips til korleis du kan gjere ein diskursanalyse.

CC BY-SASkrive av Ragna Marie Tørdal.
Sist fagleg oppdatert 15.03.2022