Sosiale medium i dagens Kina – studiespørsmål
Dette er studiespørsmål du kan arbeide med etter å ha lese artikkelen Sosiale medium i dagens Kina. Bruk Internett og eventuelt andre hjelpemiddel for å finne svar på spørsmåla. Diskuter i klassen.
- Sjå nærmare på nokre av namna på nettselskapa som blir nemnde i artikkelen, og finn ut korleis dei kreativt blandar engelske og kinesiske omgrep.
- Fleire større kinesiske nettselskap har blitt lansert internasjonalt. Prøv for eksempel WeChat.com, så har du med eitt kontakt med om lag åtte hundre millionar personar.
- Sosiale medium i Kina har blitt karakterisert som katten sin leik med musa. Men kven meiner du er katt, og kven er mus av kinesiske brukarar og kinesiske styresmakter?
Relatert innhald
CC BY-SASkrive av Harald Bøckman.
Sist fagleg oppdatert 25.04.2017