Sosiale medium i dagens Kina - Medie- og informasjonskunnskap 2 - NDLA

Hopp til innhald
Fagartikkel

Sosiale medium i dagens Kina

Sosiale medium i Kina er – som elles i verda – i stor grad prega av livsstil, hjarte og smerte, skryt og sladder. Men det gir òg kinesiske styresmakter gode sjansar til å følgje med på og kontrollere folk sine tankar.

Knapt noko felt har utvikla seg så raskt i Kina som telekommunikasjon. Det faktumet at mesteparten av mobiltelefonane i verda i tillegg blir produsert i Kina, har òg bidrege til dette.

Oppstartsår

I 2007, året etter at Twitter blei lansert, dukka det opp liknande kinesiske tenester som Fànfǒu 饭否, Dígū 嘀咕, Jīwaī 叽歪 og Tāotāo 滔滔. Men under dei store etniske opptøyene i byen Ürümqi i Xinjiang i 2009 blei desse, saman med Twitter og Facebook, anten blokkerte eller stengde i ein periode av kinesiske styresmakter. Twitter og Facebook har vore utestengde frå Kina sidan då. Andre kinesiske nettselskap kasta seg på mikrobloggmarknaden. Sina Weibo 新浪微博 (Xīnlàng wēibó) blei lansert seinare i 2009, året etter kom NetEase网易 (Wǎngyì), Sōuhú 搜狐 og Tencent 腾讯 (Téngxùn), og Qzone, eller QQkōngjiān QQ空间. Desse fire portalane er framleis tonesetjande. Sina Weibo, som er ein mellomting mellom Twitter og Facebook, blei raskt den mest populære, på kostnad av meir Facebook-aktige plattformer som Rénrén 人人 og Kāixīn 开心.

Mikroblogging

Ordet wēibó 微博 er blitt standardomgrepet på kinesisk for «mikroblogg». Det er ei såkalla hybridform (blandingsform). Det første teiknet, wēi , tyder «ørliten». Det andre teiknet, , tyder «rikeleg, å vinne», men er her først og fremst brukt som ein lydmessig indikator for ordet «blogg». Ordet «Sina» er ein annan kreativ måte å blande kinesiske og utanlandske ord og uttrykk på. Skrive med bokstavar gir namnet assosiasjonar til «Kina/China» (som i uttrykket «sinologi»), men det er òg meint som ein lydmessig assosiasjon til dei to teikna som blir brukte på kinesisk, Xīn làng 新浪, som tyder «Ny bølgje». I det heile teke har nettbasert verksemd – i Kina og andre land – gitt opphav til nye og kreative språklege former og uttrykk. Kinesiske ordmakarar har likevel i lang tid drive med å konstruere finurlege blandingsuttrykk.

WeChat melder seg på

Sidan 2012 har mobilbaserte nettverkstenester som WeChat teke over ein stor del av trafikken. I mai 2016 hadde WeChat nådd 700 millionar aktive brukarar i Kina og hadde 70 millionar abonnentar internasjonalt. WeChat blei lansert i 2011 under namnet Wēixìn 微信, som tyder «mikromelding», og året etter blei det engelske namnet WeChat lansert. WeChat er eigd av selskapet Tencent og tilbyr mange fleire integrerte funksjonar enn tradisjonelle informasjonsnettverk. Kinesiske Twitter-aktige innretningar gjer det mogleg å skrive opptil 140 kinesiske skriftteikn, og med det kan ein uttrykkje mange gonger meir enn med dei 140 teikna ein har til rådigheit i alfabetbaserte system.

Bruk I

Dei fleste studiar av nettbruk i Kina har fokusert på former for sosial og politisk kontroll eller moglegheiter for å undergrave det. Ein bør likevel ha eit breiare perspektiv på bruk av sosiale medium i Kina. Det meste av trafikken både i Kina og andre stader er prega av familie, venner, livsstil, hjarte og smerte og sladder. Framleis bur fleirtalet av kinesarar på landsbygda, men dei utgjer knappe 25 % av Internett-brukarane. Framfor alt er det forska lite på forholdet mellom folk sitt daglegliv og korleis dei bruker nettet. Nettet gjer at ein kan styrke band til familie, venner og kjende, men opnar òg opp for det framande, som kan opplevast som både spennande og invaderande.

Bruk II

Kinesiske styresmakter bruker sosiale medium svært aktivt for å fremje politikken sin. Det skal vere knytt minst 600 000 konti til forskjellige regjeringskontor eller personar i offentleg teneste, og det er estimert at dei bidreg med rundt 4 % av alle innlegg om forskjellige spørsmål på SinaWeibo. Vidare har styresmaktene engasjert ein hærskare av nett-troll som har fått klengenamnet «Femtiørespartiet», Wǔmáo dǎng 五毛党. Det er personar som anten fremjar offisielle synspunkt eller driv aktiv desinformasjon. Dei seiest at slike personar får fem máo , dvs. femti øre, for kvart innlegg. I god kinesisk tradisjon (som går tilbake til den eldste diktantologien i Kina, Shījīng 诗经 – «Songane si bok» – frå 1000–600 fvt.) blir ytringar analyserte for å lodde stemningar og haldningar blant folk, slik at styresmaktene kan fange opp ulike former for sosial misnøye. Ein stadig meir sofistikert teknologi, som automatisk tekstanalyse og kraftigare maskiner, er gode hjelpemiddel i hendene på styresmaktene.

Sensur

Når styresmaktene tykkjer at folk sine synspunkt og initiativ går for langt, har dei mange moglegheiter til å kontrollere og avgrense «uønskt» verksemd på nettet. Vidare har nettselskapa sjølve lagt inn sensurfunksjonar, for eksempel lister med forbodne ord, namn og uttrykk, som endrar seg i takt med politiske hendingar. Styresmaktene sender stadig ut reviderte lister med forbodne ord, men kinesiske nettbrukarar og bloggarar er minst like dyktige til å leike katt og mus med styresmaktene ved å leggje ut ord som har tilnærma lik uttale, og som tyder noko heilt anna, men som refererer til aktuelle saker. For eksempel blei det under den 18. partikongressen i 2012 skrive ein del om «Sparta», Sībādá 斯巴达, den gamle autokratiske greske statsdanninga. Men det bloggarane snakka om, var eigentleg (i kortform) «Det 18. stormøtet», eller Shíbādà 十八大.

Dei to viktigaste kontrollmoglegheitene kinesiske styresmakter har, er sensur på nettet og politiovervaking. Nettsensuren er driven av propagandaavdelinga i kommunistpartiet og andre nasjonale sensurorgan for media. Det at sensuren er driven frå sentralt hald, har styrkt sentralstyresmaktene sin kontroll. Lokale ytringar utgjer òg viktige lyttarpostar for sentralstyresmaktene når det gjeld å følgje med på kva lokale embetsmenn driv med. Tradisjonelt har ikkje lokalbefolkninga mykje til overs for lokale embetsmenn, men dei har overdriven respekt for styresmaktene i Beijing.

Kinesiske styresmakter er med andre ord ikkje berre opptekne av å sensurere sosiale medium. Dersom styresmaktene ville det, kunne dei lett ha køyrt ein mykje strengare sensur. Det viktigaste, som med alt i kinesisk politikk, er at informasjonen kan kontrollerast, og helst brukast til fordel for regimet.

Relatert innhald

Skrive av Harald Bøckman.
Sist fagleg oppdatert 18.06.2017