Internasjonal mediepolitikk i ei globalisert medieverkelegheit
Mediepolitikk handlar om forholdet mellom medium og styresmakter. Mediepolitikken handlar også om offentlege støtteordningar og regulering av verksemda til mediebedrifter og distribusjonsselskap.
Mediepolitikk kan i tillegg bli ført gjennom politiske signal som blir fanga opp av medium og distributørar. Slike signal kan føre til at medieaktørane sjølve regulerer verksemda si.
Media som verktøy for eller korrektiv til statsmakta
Autoritære regime oppfattar gjerne media som eit viktig verktøy for styresmaktene. Demokratiske regime ser derimot media som viktige korrektiv til statsmakta.
I dei nordiske landa speler media ei rolle som korrektiv til styresmaktene og som talerøyr for "vanlege folk" og svake grupper i samfunnet. Media har også ansvar for at flest mogleg slepp til i den offentlege samtalen. Det er denne oppfatninga av samfunnsoppdraget til media som ligg til grunn for det som blir kalla "den nordiske medievelferdsstaten".
I eit land som Nord-Korea er media berre eit verktøy som styresmaktene bruker til å styre kva slags informasjon befolkninga skal få tilgang til, og korleis dei skal forstå det som skjer rundt om i verda.
Avstand til eller kontroll med media?
I landet vårt, og mange andre vestlege land, er mediepolitikken oppteken av å skape avstand mellom medium og styresmakter for å ta vare på media sitt samfunnskritiske mandat.
I meir autoritære regime ønskjer styresmaktene å knyte media sterkare til seg gjennom både eigarskap og lover som regulerer kva slags innhald det er lov å publisere.
Ein offisielt uttalt mediepolitikk kan vere ulik frå den mediepolitikken styresmaktene faktisk fører. Russiske styresmakter hevdar til dømes at landet har ei fri presse, sjølv om verkelegheita er ein anna. Det er dokumentert at tv-selskapa får detaljerte instruksar om korleis dei skal rapportere nyheiter, og kva dei ikkje skal nemne.
Mediemangfald fremjar ytringsfridom og medborgarskap
Den som eig ei mediebedrift eller eit distribusjonsselskap, har makt til å avgjere kva informasjon du og eg får tilgang til. Derfor har mange statar lover som regulerer kor stor del ein eigar kan eige av den samla mediemarknaden. Grunngivinga er at mediemangfald er viktig for å sikre at borgarane har tilgang til variert informasjon og reell ytringsfridom.
Både i Norden og i fleire andre vesteuropeiske land blir media oppfatta som demokratiske institusjonar og arenaer for den offentlege samtalen. Europarådet viser til Den europeiske menneskerettskonvensjonen sin artikkel 10 om ytringsfridom som ei grunngiving for at det er ei offentleg oppgåve å fremje mediemangfald.
Omsyn til forbrukarar og like konkurransevilkår
I liberalistiske samfunn, som USA, er det omsynet til forbrukarane som styrer behovet for statlege reguleringar av mediemarknaden. I eit marknadsliberalistisk samfunn skal staten berre sikre at folk kan velje fritt mellom eit mangfald av medieprodukt som marknaden tilbyr.
Når staten av og til grip inn, er det først og fremst ut frå omsyn til det som blir rekna som konkurransevridande verksemd. Til dømes har USA fremja eit lovforslag som skal hindre plattformselskap i å særbehandle sine eigne produkt.
Statar og statsleiarar som aktive medieeigarar
Autoritære leiarar ønskjer å kontrollere media. I austeuropeiske land har staten dei siste åra gått sterkare inn på eigarsida. I Russland er dei to største tv-selskapa statseigde, og det statlege gasselskapet Gazprom eig tv-selskapet NTV. I Polen har eit statskontrollert oljeselskap kjøpt eit av dei største medieselskapa i landet.
I Tsjekkia eig statsminister Andrej Babîs ein tredjedel av dei private medieselskapa. Partileiar og tidlegare statsminister i Italia, Silvio Berlusconi, eig mange italienske medieselskap. Han har brukt eigarskapen sin aktivt til å påverke den italienske opinionen.
Tenk over
Korleis ville du ha reagert dersom statsminister Støre brukte pengane sine til å kjøpe TV 2 og Aftenposten?
Kvifor er det viktig for demokratiet at det er avstand mellom politikarane og media?
Regulering av distribusjon
I Noreg finst det ei lov som gjer at kringkastingsselskap må ha konsesjon for å distribuere innhald. Tv-selskap som får konsesjon, får også ei plikt til å gjere innhaldet tilgjengeleg for ulike distributørar.
Men global distribusjon av medieinnhald har dei siste åra blitt svært lønsamt. Det kan vere vanskeleg for ein stat å regulere verksemda til globale selskap og nettplattformer som har hovudbase i eit anna land.
Kampen om det mest attraktive innhaldet er stor. Då er det vanskeleg for små, nasjonale medieselskap å nå opp i konkurransen. Det gjeld mellom anna rettane til å sende frå sportsarrangement som Premier League, VM og OL. I dag blir sportsrettar kjøpte opp av store globale distribusjonsselskap, og innhaldet blir lagt bak betalingsmurar.
Regulering av sosiale medium
Styresmakter over heile verda diskuterer også korleis dei skal ta omsyn til dei globale sosiale medieplattformene. Kina og Russland har valt å stengje eller avgrense tilgangen til USA-eigde sosiale medium. Dei tilbyr i staden innbyggjarane statskontrollerte alternativ.
Også i USA og Europa går diskusjonen høgt om offentleg regulering av sosiale medium. Mange er skremde av korleis sosiale medium blei brukte til å spreie falske nyheiter i samband med den amerikanske presidentvalkampen i 2016 og 2020.
Finn ut
Korleis grunngir russiske styresmakter at dei stengjer tilgangen til Twitter?
Kvifor hevdar den amerikanske presidenten Joe Biden at Facebook har bidrege til å ta livet av folk?
Aktuelle kjelder:
Artikkel, NRK, 2021: Kamp om internett i Russland: – Sensuren merkes, skruene strammes til
Artikkel, NRK, 2021: Biden: – Desinformasjon på Facebook tar livet av folk
The Digital Services Act
EU jobbar for tida med eit lovforslag som blir kalla Digital Services Act (forordning om digitale tenester). Lova skal gjere det enklare å få fjerna innhald i sosiale medium, men også enklare å klage på ugrunna fjerning. Lova skal dessutan tvinge dei store selskapa til å gi meir innsyn i korleis algoritmane blir brukte, og til å vurdere risikoen produkta deira kan utgjere.
Mange har sett spørsmålsteikn ved om det skal vere lovleg for Facebook å distribuere innhald frå redaksjonelle medium gratis samtidig som plattforma sjølv håvar inn pengar på reklamen som omgir desse produkta. Det har også blitt reist spørsmål om kven som skal ha skatteinntektene av dei verdiane som desse selskapa skaper.
Nasjonale reguleringsordningar har berre makt over verksemda til nasjonale medie- og distribusjonsselskap. I ei tid då mediemarknaden er dominert av store globale aktørar, har mange derfor teke til orde for overnasjonale reguleringsordningar.
Ei overnasjonal reguleringsordning er ei reguleringsføresegn som gjeld for fleire statar.
EU har mellom anna fastsett fleire direktiv som regulerer innhald og distribusjon av medieinnhald. Noreg er knytt til EU via EØS-avtalen, og direktiva har derfor også påverka lover og regelverk i Noreg.
EU har eit politisk mål om å på sikt gjere Europa mindre avhengig av teknologi og digitale tenester frå resten av verda. Politisk blir dette omtalt som digital suverenitet. Med auka satsing på eiga utvikling av digital teknologi, kunstig intelligens og skytenester skal det bli mogleg for europeiske land å lage politiske spelereglar for den globale internettøkonomien.
Regjeringa Støre fastslo i Hurdalsplattforma (2021) at den norske regjeringa vil ta grep i kampen mot globale teknologigigantar og dei store konkurranseutfordringane desse skaper for norske mediebedrifter. Regjeringa vil også sikre at det er openheit rundt måten dei globale selskapa bruker data på, og arbeide for at selskapa må betale skattar og avgifter i dei landa dei opererer i.