Hopp til innhald
Fagartikkel

Mediepolitikk i EU

Målet med EUs mediepolitikk er å styrkje den europeiske fellesskapen, ta vare på den europeiske kulturarven, fremje europeisk økonomi og vere eit alternativ til amerikansk medieindustri.

Kulturvern og konkurranseevne

Den europeiske unionen (EU) er ei samanslutning av europeiske statar som har som hovudmål å sikre fri flyt av varer, tenester, personar og på tvers av landegrensene i Europa. EU fekk i 2012 Nobels fredspris for arbeidet sitt med å sikre freden og auke samarbeidet mellom europeiske statar.

EU har over tid utvikla ein felles for medlemslanda. Mediepolitikken er nedfelt i eit omfattande regelverk som regulerer produksjon og distribusjon på medieområdet. Føremålet er dels å styrkje den europeiske fellesskapen og sikre den europeiske kulturarven, men også å setje europeiske mediebedrifter i stand til å ta opp konkurransen med den amerikanske medieindustrien.

EUs medieprogram

EU har eit eige medieprogram som gir finansiell støtte til . Målet for EUs medieprogram er å styrkje dei europeiske film-, fjernsyns- og spelbransjane og dessutan å medverke til ein sterkare felles europeisk marknad for audiovisuelle tenester.

Slik prøver EU å demme opp for den stadig sterkare amerikanske dominansen på det audiovisuelle området. Noreg deltek også i dette samarbeidet, sjølv om vi ikkje er medlem av EU.

Ønskjer standardisering

For brukarane er det irriterande når ulike produsentar utviklar tekniske standardar som gjer at innhald blir låst til bestemte produkt. EU jobbar mellom anna for å få til faste tekniske standardar for IT og HDTV.

Meir kontroversielt er forslaget om at nasjonale tilsynsorgan for presseverksemd skal leggjast inn under EUs kontrollorgan. Mange hevdar at eit slikt kontrollregime er i strid med prinsippet om ei .

Overvaker mediegigantane

Teknologi- og mediegigantar som Meta (Facebook), Microsoft, Apple og Alphabet (Google) har etter kvart fått ein verdsomspennande maktposisjon. EU har fleire gonger stilt seg kritisk til dei retningslinjene som brukarar av maskinvare og datatenester må ta omsyn til. EU har blant anna kritisert Google for å oppbevare opplysningar om folk sine nettsøk for lenge, og for at selskapet kommersielt utnyttar persondata. EU-kritikarane på si side peikar på at EUs eige datalagringsdirektiv opnar for å loggføre all data- og teletrafikk i inntil seks månader.

Sosiale medium sensurerer i dag innhald som blir publisert på nett. Til dømes kan bilete av personar utan klede bli fjerna, enten det er nyfødde babyar eller topplause solbadarar. Den danske kulturministeren har bede EU ta affære mot det han meiner er brot på og kunstnarar si moglegheit til digital distribusjon av kontroversielle kunstverk.

EU har også stilt seg kritisk til at Microsoft og Apple tilsynelatande bevisst undergrev posisjonane til andre leverandørar av datatenester og digitalt innhald.

EUs medie- og teknologilover

EUs mediedirektiv er retningslinjer som er styrande for medielovgivinga i alle medlemslanda i EU. Medlemslanda kan i nokre samanhengar vedta strengare reglar enn det tilseier. Ein annan EU-lovtype er , som er like for alle EU/EØS-land.

På grunn av mellom Noreg og EU får EU-lover også innverknad på mediepolitikken i landet vårt.

AMT – direktivet for audiovisuelle medietenester

AMT står for audiovisuelle medietenester og omfattar tenester som formidlar både lyd og bilete. AMT rommar både tradisjonell tv og . Frå 2018 omfattar AMT-direktivet også videodelingsplattformer som YouTube og Facebook.

Direktiv inneheld tiltak som skal verne barn mot overgrep og hindre publisering av innhald. I Noreg har direktivet vore omstridd, mellom anna fordi det opnar for i visse typar fjernsynsprogram og tillèt reklame for alkohol.

GDPR – personvernforordninga

GDPR står for General Data Protection Regulation (personvernforordninga). Føremålet med GDPR er å verne individ ved behandling av personopplysningar og regulere fri flyt av slike opplysningar.

GDPR inneber mellom anna at du som brukar av ei nettbasert teneste har krav på å bli informert på ein tydeleg og forståeleg måte om kva dei opplysningane som nettstaden samlar inn om deg, skal brukast til, og kven som får tilgang til denne informasjonen. Du kan også be verksemder om å slette personopplysningar dei har samla inn.

Selskap som Meta og Alphabet tener pengar på å selje personopplysningar til selskap som driv målretta marknadsføring. Slik kan du til dømes bli lokka til å kjøpe noko du elles ikkje ville ha kjøpt.

DSA – forordning om digitale tenester

DSA står for Digital Services Act og er eit forslag til ei forordning om digitale tenester. DSA inneheld forslag til regulering av dagens internettbaserte tenester og plattformer. Målet er større demokratisk kontroll av og tilsyn med plattformene og å redusere risikoen for manipulasjon, og ulovleg innhald.

DMA – forordning om digitale marknader

DMA står for Digital Markets Act og er eit forslag til ei forordning om digitale marknader. DMA skal bidra til ein meir open og rettferdig plattformøkonomi og hindre åtferd som er skadeleg for konkurransen og forbrukarane.

Dei store globale plattformleverandørane fungerer i dag som portvakta for den informasjonen som når ut til oss som forbrukarar. Målet med DMA er å sørgje for at desse aktørane ikkje misbruker den makta dei har, til å motarbeide innovasjon, frie forbrukarval og konkurranse frå andre selskap.

DSM – digitalmarknadsdirektivet

DSM står for Digital Single Market. Føremålet med digitalmarknadsdirektivet er å sikre opphavsrett, særleg når det gjeld digital og grensekryssande bruk av beskytta innhald.

Kjelder

Kaldestad, Ø. H. (2018, 25. mai). Dette betyr de nye personvernreglene for deg. Forbrukarrådet. Henta 15. desember 2021 frå https://www.forbrukerradet.no/siste-nytt/dette-betyr-de-nye-personvernreglene-for-deg/

Lund, A. (2014). Kultur og media. iEuropa. Henta 15. desember 2021 frå https://ieuropa.no/2014/01/kultur-og-media/anneml/

Regjeringa (u.å.). Søk i EØS-notatene. Henta 15. desember 2021 frå https://www.regjeringen.no/no/sub/eos-notatbasen/sok/id615429/