Informasjonskrigen om Ukraina
Oppgåve 1
Nedanfor er fire nyheitsforteljingar om sivile lidingar i samband med den russiske invasjonen av Ukraina i 2022. Artiklane er skrivne på engelsk og henta frå fire store internasjonale nyheitskanalar.
Samanlikn desse fire nyheitsforteljingane når det gjeld
kven det blir fortalt om, og kva historie som blir fortald
vinkling og spissing
språkbruk
fiendebilete
Oppgåve 2
Faktisk.no er ein uavhengig redaksjon for faktasjekk, som er eigd av VG, Dagbladet, NRK, TV 2, Polaris Media og Amedia. Faktisk.no har ei eiga elevteneste som heiter Tenk, der ungdom kan lære om kritisk mediebruk og kjeldekritikk.
Nedanfor finn du eit undervisningsopplegg om korleis du kan avsløre falsk informasjon under store internasjonale kriser. Gjennomfør denne øvinga gruppevis i klassen:
Elevopplegg, Tenk: Informasjonskrigen om Ukraina
Oppgåve 3
Skriv eit refleksjonsnotat om det du har lært om nyheitsformidling i krig etter å ha jobba med desse oppgåvene.