Hopp til innhald
Fagartikkel

Stimulere språkutviklinga

God språkstimulering er ein viktig del av alt arbeid med barn og unge. Dei tilsette har ansvar for å invitere alle barn og unge med i språklege aktivitetar. Du og dei andre tilsette må leggje til rette for at alle får varierte og gode erfaringar med å ta språket i bruk.

Språkstimulering

Vi veit at språket til barn blir utvikla i samspel med barn og vaksne som aktivt nyttar språket. Vi ønskjer at vaksne "badar" barn og unge i språk. Det vil seie at vi nyttar språket aktivt i kvardagen saman med barna, set ord på det vi gjer saman, snakkar med barna og inviterer alle barna med i språklege aktivitetar. Arbeid med språkutvikling bør vere ein stor og viktig del av kvardagen til barn og unge.

God språkstimulering, i alle institusjonar, hjelper barn og unge, uansett om dei har godt språk, forseinka språkutvikling, spesifikke språkvanskar, ei funksjonsnedsetjing eller er fleirspråklege. Alle vinn på at dei er i eit godt språkstimulerande miljø.

Her vil du få døme på kva du kan gjere for å stimulere til språkutvikling. Alle forslaga må vere tilpassa det nivået barn og unge er på.

Leik er språk og språk er leik

Leiken er verda til barn og ein viktig arena for språklæring og språkutvikling. Kvardagen til barna bør bestå av mykje leik som er frivillig og lystprega, og der barna deltek med glede og engasjement. Dei minste barna kommuniserer med kroppsspråk og lydar når dei leiker, og etter kvart som språket set seg hos barna, vil dei snakke høgt når dei leiker.

Jo eldre barn blir, jo meir uttrykkjer dei av tankar, kjensler og ønske, dei speler rollar, planlegg, diskuterer og argumenterer, lyttar og reflekterer, og dei handterer konfliktar og inngår i relasjonar gjennom leiken.

Samtalar

I kvardagen oppstår det formelle og uformelle samtalar med barn og unge. Samtalar er ein grunnleggjande aktivitet for språktileigning og læring. Jo betre samtalen mellom vaksne og barn er, desto viktigare er han for språkopplæringa til barn og unge.

Det er ansvaret ditt å ta initiativ til samtalar. Når du tek initiativ til ein samtale med eitt eller fleire barn, inviterer du dei inn i eit språkleg samspel. Du påkallar merksemda deira ved å setje i gang med samtalen og ved å stille opne og reflekterande spørsmål: "Kva synest du om boka vi las?" "Korleis var helga?"

Vi må prioritere samtalar i alt arbeid vi gjer med barn og unge. Vi må setje av tid og rom til å gjennomføre dei gode samtalane som er prega av dialog. Det å nytte tid til språkstimulerande samtalar er føremålstenleg bruk av ressursar. Det er mange barn som har spesielt behov for at du tek deg god tid slik at dei kan snakke i sitt eige tempo.

Oppleve ting saman

Når du har vore på tur med barn og unge, har de fått ei felles oppleving. Tenk deg at fritidsklubben har vore på aketur. Vel tilbake tek de ein varm kakao saman. Å snakke om opplevinga frå aketuren, tankar og kjensler er naudsynt for å utvikle språket. Dei unge kan lærer ord av deg og dermed auke sitt eige ordforråd.

Det kan vere krevjande å vise full merksemd og vere mentalt til stades i samtalar med barn og unge. Spesielt dersom det er mykje støy og uro rundt dykk. Då er det lurt å finne rom eller område der de kan sitje i ro og fred.

Stillasbyggjar i språket

Når du samtaler med barn og unge, blir dei medvite forma til språket. Jobben din blir å støtte opp under språket til barnet. Då støttar du opp under samtalen ved å gjenta det barnet seier, i ei heil setning. Til dømes viss barnet seier "Pia bok" og du seier: "Har du lyst at vi skal lese ei bok? Kva bok skal vi lese?" På den måten utvidar du det barnet seier, slik at det får riktig språkleg form. Dermed hjelper du med å byggje eit språklege stillas som barnet kan støtte seg til seinare. Hugs at du skal vere ein språkmodell som barn og unge lyttar til og hermar etter.

For å vere ein god stillasbyggjar i språket til barn og unge er det òg viktig at du seier orda riktig. Dersom eit barn uttaler ordet feil, gjentek du det barnet seier ved å seie ordet riktig. Du skal ikkje rette på språket ved å seie "nei, det heiter ikkje det." Då kan barnet miste trua på seg sjølv og ikkje tore å uttrykkje seg meir. Når barnet peikar på koppen og seier "toppen", svarer du: "Er det koppen du vil ha?" Då byggjer du opp under språkutviklinga til barnet.

Aktivitetar

Når du set i gang ulike aktivitetar, er språket viktig for barna slik at dei forstå sjølve aktiviteten (forklaringa du gir) og klarer å gjennomføre han (jobbe seg igjennom aktiviteten). Manglande innsikt eller evne til å inngå i dialog eller til å nytte språket aktivt i samspel med andre kan føre til at barn blir oversette og/eller overhøyrde i aktiviteten.

Aktivitetar som å lese bøker, forteljingar, song, rim og regler fungerer godt som språkstimulerande aktivitetar. Og dersom du gjentek innhaldet ofte, vil barn få god tid til å lære seg orda. Etter kvart vil orda sitje, og barna nyttar dei sjølve meir aktivt. Å stimulerer barn si eiga forteljarlyst og/eller dikting av regler og song hjelper dei til å nytte språket aktivt.

Språkbad kvar einaste dag!

Når du jobbar med barn og unge, skal du heile tida ha fokus på å nytte språket. Eit godt språkmiljø er miljø som gir barn og unge moglegheiter til å nytte både det munnlege og det skriftlege språket optimalt. Alt arbeid med barn og unge i barnehagar, skular/SFO, klubbar og bustader skal oppmuntre og fremje språket. Song, bøker, teikning, leik, aktivitetar, samtaler, filosofering, fysisk aktivitet og liknande skal badast med språk.

Heile barnegruppa, uavhengig av om ho er einspråkleg og fleirspråkleg, skal møte tilsette som bidreg til eit språkleg mangfald. Og gjennom tett samarbeid med føresette skal du og kollegaene dine fremje språkleg utvikling hos barn og unge.

Kvifor er god språkutvikling viktig?

Vi veit at språk gir barn og unge moglegheit til å delta i leik og til å lære av andre. Det å meistre språket i takt med jamaldringar er viktig for at barn og unge skal utvikle seg på alle område. Vi veit at kognitiv utvikling blir sett i samanheng med språket, sosial utvikling blir knytt til språk, det å setje ord på kjensler har betyding for den emosjonelle utviklinga, og barn og unge tileignar seg ulike motoriske ferdigheiter ved instruksjon frå vaksne eller andre.

Dei fleste barn lærer språket utan problem og blir raskt gode til å snakke med vaksne og andre barn. Det er likevel viktig å understreke at det er store variasjonar i når barn lærer seg språket. Nokon nyttar litt lengre tid enn andre, men hentar det raskt inn. For andre kan manglande språkutviklinga få store konsekvensar fordi det går ut over læring og sosiale relasjonar.

Utfordringar til deg

  1. Kva tenkjer du om omgrepet "å bade" barn og unge i språk?
  2. Kva språkaktivitetar er sentrale for barnegruppa di i praksis?
  3. Korleis er språkmiljøet for deg i skulekvardagen din?

Relatert innhald

Kjelde

Utdanningsdirektoratet. (2017, 8. desember). Språk i barnehagen – mye mer enn bare prat. https://www.udir.no/laring-og-trivsel/stottemateriell-til-rammeplanen/sprak-i-barnehagen--mye-mer-enn-bare-prat/