Film og filmklipp
Språkutvikling og språkstimulering hos barn 1 til 5 år
I løpet av tida i barnehage skjer det mykje i språkutviklinga til barn. Barn utviklar språket i ulikt tempo. Vi må leggje til rette for at barn får høve til å nytte språket aktivt til å fortelje, reflektere, stille spørsmål og leike med språket.
Under kan du sjå ein kort informasjonsfilm om språkutviklinga hos barn i alderen eitt til fem år.
Korleis kan du motivere barn til å nytte språk i leik og samspel?
Korleis kan du introdusere nye ord og omgrep?
Korleis kan du jobbe spontant med språk?
Som barne- og ungdomsarbeidar blir du ein språkmodell for barna. Kva legg du i det?