Hopp til innhald

Oppgåver og aktivitetar

Lag ein språkbrosjyre

Ein brosjyre inneheld kortfatta informasjon om noko vi synest er viktig. Ein språkbrosjyre kan vere nyttig for foreldre og andre som arbeider med barn og unge. Du skal lage ein språkbrosjyre for Vg1-elevar eller andre som skal ha i praksis i barnehage/SFO.
Fleire brosjyrar som ligg oppå kvarandre, i ulike fargar. Foto.
Opne bilete i eit nytt vindauge

Oppgåve

Jobb gjerne saman to og to. De finn mal for brosjyre i Word eller på internett.

Brosjyren skal innehalde:

  1. framside med

    • overskrift som viser kva brosjyren handlar om

    • illustrasjonar

    • underoverskrift som viser kven brosjyren er meint for

    • kort informasjon om kva brosjyren inneheld

    • namn på forfattar/ar som viser kven som har lage han

  2. fagleg innhald. Innhaldet skal brosjyren vere:

    • ei kort oversikt over språkutviklinga til barn på dei ulike aldersnivåa 1 til 12 år. Del inn i aldersgrupper 1 til 3, 3 til 6 og 6 til 12 år.

    • informasjon om korleis stimulere til språkutvikling

    • forklaring og døme på kva språket har å seie for personlegdomsutviklinga

    • bilete som illustrerer innhaldet

  3. kjeldetilvisingar

CC BY-SASkrive av Siv Stai.
Sist fagleg oppdatert 11.03.2021

Læringsressursar

Språkutvikling