Språkutvikling
Språk har to viktige funksjonar. For det første er det eit verktøy til å kommuniser med andre med. Vi kan snakke saman, skrive og lese beskjedar frå andre. I tillegg har vi teiknspråk og blindeskrift. For det andre har språk ein individuell funksjon som reiskap for læring og tenking. Når vi les i bøker, kan vi bli sitjande og tenkje over det vi har lese, og trekkje nye erfaringar. Eller tenk på det vesle barnet som sit og leiker med dokka si og pludrar i veg i si eiga verd.
Barn tek tidleg språket i bruk, saman med kroppsspråk, for å uttrykkje behova sine. Mykje viktig opplæring i språket skjer tidleg etter at barnet er fødd. Barn forstår mykje av kva som blir sagt, men det er først i eittårsalderen at dei sjølv byrjar å setje namn på enkelte gjenstandar som interesserer dei.
Det er viktig å merke seg at òg språkutviklinga hos barn har store variasjonar. Oppgåva di som barne- og ungdomsarbeidar blir derfor å hjelpe barn og unge med å få tilgang til språket, fordi språket har betyding for heile livet.
- Ordforråd: Barn set ord på ting og situasjonar i kvardagen. Ved eitt og eit halvt–toårsalderen utviklar ordforrådet seg raskt.
- Ordbøying: Barna byrjar å ta i bruk hovudreglane for bøying av ord. Derfor er det normalt at barna seier syngte og gidde, håndene og brorer, gamlere og storere.
- Setningar og tekst: Barna lagar små, korte setningar, men enno er det for vanskeleg å setje saman setningane til små forteljingar.
- Uttale: Dei fleste lydane er på plass, men nokon strevar med rulle-r, s-lyden, sj-lyden og den tjukke l-lyden (som i ordet sol i austnorsk). Å uttale k og g kan vere vanskeleg for nokre barn, og dei blir erstatta av lydane t og d. Dei seier topp for kopp og dutt for gut. Det er òg normalt at barna utelèt den eine konsonanten i konsonantgrupper: stol blir tol (eller dol), sko blir ko (eller go).
I løpet av treårsalderen har barna tileigna seg hovudtrekka i førstespråket (morsmålet) sit.
- Ordforråd: I denne perioden aukar ordforrådet kraftig, men variasjonen er stor, avhengig av det språkmiljøet barna er i.
- Ordbøying: Bøyingsmønstera kjem på plass, òg dei uregelmessige: song, gav, hendene, brør, eldre, større.
- Setningar og tekst: Vi opplever at mange barn meistrar lengre setningar. Dei nyttar småord som og, så, men, for, når, viss, at, som og liknande. Vi opplever òg at barn i denne perioden bind fleire setningar saman, slik at det blir ei lita forteljing. Men òg her kan det vere store skilnader.
- Uttale: Lydane og konsonantgruppene kjem stort sett på plass, sjølv om s-lyden kan vere vanskeleg å uttale for nokon.
- Ordforråd: Rundt seksårsalderen greier ein god del barn å fortelje historier i ein samanheng og utan at vi treng å spørje for å forstå kva barnet meiner, eller for å kome vidare i historia. I seksårsalderen har barnet eit gjennomsnittleg ordforråd på 10 000–15000 ord.
- Ordbøying: I perioden fram mot niårsalderen får barn verkeleg grep om forteljingar og om grammatikken.
- Setningar og tekst: Setningane i forteljinga er stort sett bundne riktig saman.
- Uttale: No har dei fleste riktig uttale av dei ulike lydane.
Språkutviklinga frå første til sjuande klasse er naturleg nok veldig stor. Ordforrådet aukar heile tida, men òg her er det store individuelle skilnader.
Ungdomsspråket blir meir og meir prega av kreativitet og nyskaping etter kvart som ungdommane blir eldre. Via sosialt samspel, internett, spel og sosiale medium utviklar dei ordforrådet sitt.
Ved å nytte eksisterande ord leiker ungdommane med orda og gir dei ei anna betyding. Dermed oppstår det ord som berre ungdommen veit betydinga av, og orda blir sagde med eit spesielt tonefall. Til dømes kan orda berre og liksom bli sagt med eit tonefall som uttrykkjer heilt andre ting enn det vaksne er vant med.
Ungdom nyttar òg desse språkkodane for å skape ein eigen gruppeidentitet. Ungdomsserien Skam som gjekk på NRK i 2015, gir mange døme på språkkodar hos ungdommar. Til dømes serr og halla.
Ein del ungdommar blir meir samfunnsmedvitne og opptekne og engasjerte i viktige samfunnsdebattar. Frå internett, bøker og aviser innhentar dei viktig kunnskap og tek del i samfunnsdebatten.
Utfordringar til deg
- Kva har språket å seie for deg?
- Snakk med dei du voks opp med, og høyr korleis språkutviklinga di var.
- Kvifor er språket viktig for heile livet?
Fredheim, N. S. (2018, 7. januar). Ungdomsspråket er bedre enn sitt rykte. https://forskning.no/hogskolen-i-ostfold-sprak-partner/ungdomsspraket-er-bedre-enn-sitt-rykte/297948
Imsen, G. (2020). Elevenes verden. Innføring i pedagogisk psykologi. (6. utg.). Universitetsforlaget.
Lesesenteret, Universitetet i Stavanger. (2020, 29. oktober) Heilskapleg læring i barnehagen. https://www.uis.no/nb/heilskapleg-laering-i-barnehagen
Utdanningsdirektoratet. (2017, 8. desember). Språk i barnehagen – mye mer enn bare prat. https://www.udir.no/laring-og-trivsel/stottemateriell-til-rammeplanen/sprak-i-barnehagen--mye-mer-enn-bare-prat/