Hopp til innhald

Oppgåver og aktivitetar

Språkvanskar i barneskulen

Som tilsett i barneskulen/SFO er det viktig å kunne kjenne igjen språkvanskar. Her vil du lære om kjenneteikn på dei ulike typane språkvanskar barn kan ha. I tillegg er det viktig for barna at du kan foreslå aktivitetar som fremmar språkutvikling.

Sjå filmen Språkvansker på barnetrinnet, som er ein del av Lesesenterets språkløype "Vansker med språk, lesing og skriving".

Del 1. Spørsmål knytte til filmen

  1. Kva ferdigheiter har betyding for å lære og for å formidle kunnskap?
  2. Kva er spesifikke språkvanskar?
  3. Gi døme på kva språkvanskar går ut på innanfor desse områda:

    • lydar
    • forstå og uttrykke språk
    • bruk av språk
  4. Kva kjenneteikn har vi på språkvanskar?
  5. Finn ut korleis du kan møte og jobbe med barn som har ulike språkvanskar.

Del 2. Språkstimulerande aktivitetar

Søk på internett og finn språkstimuleringsaktivitetar som passar for barn i barneskulen. I relatert innhald finn du linkar til nokre aktuelle nettsider.

  1. Lag aktivitetskort som fortel

    • kva aktiviteten går ut på
    • korleis han skal gjennomførast
    • kvifor denne aktiviteten stimulerer til språkutvikling
  2. Illustrer aktiviteten på aktivitetskortet, anten ved å teikne sjølv eller ved hjelp av bilete frå nettet.
  3. Samle saman alle idéane frå klassen og lag eit språkhefte til bruk i barneskulen/SFO.

Relatert innhald

CC BY-SASkrive av Riborg Anna Ringereide.
Sist fagleg oppdatert 19.02.2024

Læringsressursar

Språkutvikling