Hopp til innhald

Oppgåver og aktivitetar

Aktivitetar som stimulerer språket

Kvar dag skal dei tilsette i ulike institusjonar jobbe med å stimulerer språkutviklinga til barn. Då er det viktig at du og kollegaene dine tek utgangspunkt i kva barn og unge er interesserte i, og kva ressursar dei har. Ut frå dette kan de legge til rette for språkstimulerande aktivitetar.
Tre jenter som står og syng og nyttar hårbørster som mikrofon. Foto.
Opne bilete i eit nytt vindauge

Oppgåver

Planlegg språkstimulerande aktivitetar som passar for ei bestemd aldersgruppe, og prøv dei ut i praksis.

  1. Bestem deg for kva aldersgruppe du ønsker å lage aktivitetar for. Les i fagartikkelen om språkutvikling kva for eit forventa språknivå barn i denne alderen er på.

  2. Lag eit skjema som det du ser under oppgåvene, og fyll inn kva aktivitetar du meiner passar for å fremme dei ulike områda som det er viktig å stimulere.

  3. Vel ein av dei aktivitetane du har foreslått, og planlegg aktiviteten i eit planleggingsdokument. Her skriv du òg kva som er målet/måla med aktiviteten.

  4. Prøv ut aktiviteten anten i praksis eller i klassen.

  5. Evaluer aktiviteten ut frå dei måla du sette.

    1. Kva gjekk bra, og kvifor gjekk det bra?

    2. Kva kunne eventuelt vore gjort annleis? Grunngi svaret ditt.

språkstimulerande aktivitetar

Område det kan vere viktig å stimulere

Forslaga dine til aktivitetar

setje ord på tankar og kjensler

forstå viktige informasjon

lytte til andre

utvikle dialogen

hugse/memorere

fortelje noko

repetere noko

ha språkleik i ei gruppe

setje i gang ein samtale

filosofere rundt eit tema

øve på å lese

øve på bokstavlydar

øve på setningsoppbygging

øve på uttale

Relatert innhald


CC BY-SASkrive av Riborg Anna Ringereide.
Sist fagleg oppdatert 05.03.2021

Læringsressursar

Språkutvikling