Barn bruker språket i leik, og dei tør å utforske det meir fordi det er på leik. Det bidreg til at dei utvidar og utviklar språket sitt. I leik bruker dei språket mellom anna til å uttrykker tankar, kjensler og ønske, inngå i relasjonar, planlegge, diskutere, argumentere og handtere konfliktar.
Kva samanhengar trur de det er mellom leik og språkutvikling?
Kvifor trur de at nokon barn ikkje får delta i leik?
Eit tekstsamandrag av filmen er tilgjengeleg under.
Tekstsamandrag av filmen
På startplakaten står det "Språk og deltakelse i lek".
Forteljarstemma gjennom heile filmen tilhøyrer Elisabeth Brekke Stangeland som er universitetslektor. Mens ho snakkar, blir det vist klipp frå ulike typar leik som går føre seg i ein barnehage. Noko uteleik og noko inneleik.
Undervegs i filmen kjem det opp i alt 20 tekstplakatar som samanfattar eller understrekar det Stangeland snakkar om. Her er innhaldet i tekstplakatane i rekkefølge:
Språk blir utvikla i samhandling med andre
Leiken er ein viktig samhandlingsarena for barn i barnehagen
Leiken har ein verdi i seg sjølv, men det ligg òg eit stort potensial for læring og utvikling i leik
Parallelleik og det å leike saman med kvarandre
Barns språkutvikling fører til at det verbale samspelet i leiken aukar
Barn lærer språket som blir brukt i leiken, av kvarandre
Her og no. Der og då.
Det er først når barnet er aktivt deltakande i leiken, at leiken blir ein arena for språklæring
Tilpassar og justerer språket
Pragmatiske ferdigheiter
Kognitiv og språkleg utvikling
Forhandling
Når barn får bruke språket sitt, blir dei òg gode i språk
Erfaring med å bruke språk aktivt
Fordi aktiv deltaking i leik har mykje å seie for barns språklæring, er det viktig at alle barn i barnehagen blir inkluderte i leiken
Språkleg meistring har noko å seie for tilgangen barnet har til leik og samspel
Det er ein samanheng mellom språkleg meistring og deltaking i leik
Barn med svake språklege ferdigheiter leiker ofte åleine og blir ikkje verande i leik over tid
Ekskludering eller tilbaketrekking kan vere årsaker til at barn med svake språklege ferdigheiter fell utanfor leiken
Dei vaksne i barnehagen speler ei viktig rolle i å legge til rette for at alle barn i barnehagen får delta i leik med andre barn
Sluttplakaten informerer om kven som har bidrege til å lage filmen. Fagleg ansvarleg Elisabeth Brekke Stangeland, redigering og effektar Trond Egil Toft, kamera ScreenStory. Barn og vaksne i Emmaus Barnehage i Stavanger blir takka. Filmen vart laga i 2016 og rettane tilhøyrer Lesesenteret ved Universitetet i Stavanger.
Fleip eller fakta til filmen
Jobb gjerne saman i par eller grupper. Sjå filmen fleire gonger, og lag påstandar, som er fleip eller fakta, frå innhaldet i filmen. Skriv påstandane på eit ark eller lapp eller bruk eit digitalt verktøy. Avslutt med at klassen får høve til å gjette om det var fleip eller fakta.
Spørsmål om leik og språk
Kva erfaringar i bruk av språk får barn gjennom leik?
Aktivt erfaring med bruk av språk har noko å seie for utvikling av språket. Forklar kvifor det er slik.
Korleis kan du legge til rette for leik som inviterer til bruk av språket? Gi konkrete døme og forklar korleis desse tiltaka bidreg til bruk av språk.
Korleis kan du støtte og hjelpe barn slik at dei bruker språket i leiken? Gi konkrete døme.
Diskuter i klassen:
samanhengen mellom leik og språkutvikling
korleis de som barne- og ungdomsarbeidarar kan legge til rette for, inspirere og delta i leik slik at barn bruker språket aktivt
Korleis kan de legge merke til barns språk i leik?
Eit tekstsamandrag av filmen er tilgjengeleg under.
Tekstsamandrag av filmen
Forteljarstemma gjennom heile filmen tilhøyrer Elisabeth Brekke Stangeland som er universitetslektor. Mens ho snakkar, blir det av og til vist klipp frå ulike typar leik som går føre seg i ein barnehage, og av og til illustrasjonar av leikesituasjonar som ho kommenterer.
Undervegs i filmen kjem det opp i alt 17 tekstplakatar som samanfattar det Stangeland snakkar om eller stiller viktig spørsmål å reflektere over. Her er innhaldet i tekstplakatane i rekkefølge:
Leik er sentralt i språkkvardagen
Alle barn må få delta aktivt i leik og samspel med andre
Å legge merke til barns språk handlar om systematikk
Kva med dei andre?
Språk er komplisert (blir berre nemnt munnleg av Stangeland)
merksemd
høyrsel
minne
gjenkjenning av lydar og ord
erfaring
Jentene ligg føre gutane i språkforståing og språkproduksjon fram til dei er 3–4 år
Fleirspråklege har ikkje like gode norskspråklege ferdigheiter som eittspråklege når dei er 3 år
Forskjellen mellom fleirspråklege og eittspråklege er framleis til stades ved 5 års alder
Treng eit lite puff
Barnehagen har eit unikt høve til å gi dette puffet
Barn må få tilgang til leik der dei kan få ta i bruk språket
Viktige ferdigheiter for leik og samspel (blir berre nemnde munnleg av Stangeland)
empati
samarbeid
sjølvkontroll
ansvar
sjølvhevding
Viktig for vaksne å tenke over (blir berre nemnt munnleg av Stangeland)
sensitivitet
eit godt blikk
skjønn
Ver merksam på:
Svak språkforståing ved 2 års alder
Når barnet ikkje kombinerer ord / bruker setningar ved 2,5 års alder
Barn som strever, kan bli oversette av andre barn når dei tek initiativ til språkleg kommunikasjon
Negative sosiale strategiar (blir berre nemnde munnleg av Stangeland)
aggresjon
trekker seg unna leiken
Kvifor deltek ikkje barn i leik?
Legg vi til rette for at alle har høve til å delta aktivt i samspel med andre?
Veit vi kvifor enkelte fell utanfor leiken?
Forstår barnet det som blir sagt, og forstår dei andre kva barnet seier?
Bruk barnet språk i leik, og korleis bruker barnet språket?
Har barnet nøklane som trengst?
Sluttplakaten informerer om kven som har bidrege til å lage filmen. Fagleg ansvarleg Elisabeth Brekke Stangeland, teikningar Tilde Torkildsen, redigering og effektar Trond Egil Toft, kamera ScreenStory. Barn og vaksne i Emmaus Barnehage i Stavanger blir takka. Filmen vart laga i 2016 og rettane tilhøyrer Lesesenteret ved Universitetet i Stavanger.
Observasjonar frå filmen
Viktige observasjonar frå filmen.
Sjå filmen Med blikk for språk. Skriv deretter ned tre punkt du tenker er viktige eller overraskande med tanke på språk og leik.
Jobb saman i grupper. Del punkta med kvarandre. Bli einige om tre punkt gruppa synest er viktigast eller mest overraskande.
Kvar gruppe legg fram dei tre punkta sine i klassen. Reflekter saman i klassen om kva det er som gjer at desse punkta er viktige eller overraskande.
Språk, leik og samhandling
Observere barns språk i leik.
Korleis kan du observere om eit barn ikkje får språkleg aktive roller i leiken? Skriv ned punktvis kva du må sjå etter / observere for å få kunnskap om barns språklege aktivitet i leiken.
Kva sosiale leikar kjenner du til? Gi døme.
Kva samanheng er det mellom språk og sosialkompetanse?
Kva kan du gjere for å hjelpe barn som strever med språk og ikkje får delta i leik? Forklar og gi konkrete døme.
Lese og leike
Gå på biblioteket og finn ei bok du vil bruke saman med barn.
Kva aldersgruppe passar boka for, og kvifor tenker du ho passar for denne aldersgruppa?
Øv deg på å lese boka. Tenk på fart, styrke, pause, mimikk og innleving.
Korleis kan du skape engasjement og bygge forventningar før og undervegs når du les boka for barn? Forklar og gi døme.
Korleis kan du få til ein dialog med barna når du les boka? Kva spørsmål kan du stille barna, slik at dei får ei aktiv rolle i lesestunda og kan dele sine tankar og erfaringar?
Kva figurar/konkretar kan du bruke for å gjere teksten meir "levande"?
Kva etteraktivitetar du vil ha til denne boka, slik at barna får uttrykke opplevingane sine av boka?
Korleis tenker du denne boka kan leve vidare i leiken? Tenk over og beskriv korleis du som vaksen kan legge til rette for, delta i og utvikle leiken ut frå innhaldet i boka.
Fabulering
Kva er fabulering?
Korleis kan du fabulere saman med barn og unge?
Lag ei historie saman med ei gruppe medelevar.
Ein av dykk startar med å fortelje, deretter utvidar den andre personen historia, og slik held de fram.
Ta opptak av historia.
Lag ein presentasjon av historia saman med bilete som passar til.
Reflekter over korleis de kan lage ulike fabuleringshistorier saman med barn og unge, og kva dette kan fremme med tanke på språkutvikling.