Hopp til innhald
Oppgåve

Leggje til rette for ulike former for leik

Vi skulle ønske at barn og unge leikte meir enn dei gjer, fordi den som leiker som liten, får verdifulle erfaringar som dei kan ause av heile livet. Korleis kan du som barne- og ungdomsarbeidar leggje til rette for ulike former for leik?

Oppgåve

Du jobbar som barne- og ungdomsarbeidar i anten barnehage, SFO eller klubb. Du vel sjølv arbeidsstad og alder på barna. Du har fått i oppgåve å leggje til rette eit rom som skal inspirere til alle former for leik. Rommet er stort, og her kan du verkeleg få boltre deg i leiken. Vi veit at barn ikkje berre leiker éi form for leik, men at leiken kan ta ulike former etter kvart som barna leiker. Ein konstruksjonsleik kan fort bli til ein symbolsk leik eller øvingsleik.

  1. Teikn rommet og set namn på dei ulike leikemiljøa du ønskjer å skape. Kva for utstyr/leiker vil du plassere inn?
  2. Kva former for leik kan miljøet inspirer til? Tenk ut frå kategoriane konstruksjonsleik, øvingsleik, regelleik og symbolsk leik.

Relatert innhald

Fagstoff
Leiken sin eigenverdi

Å leike er gøy! Det er morosamt, spennande og utfordrande. Å leike er magisk! Det er derfor barna leiker. Å leike bidreg positivt til den psykiske helsa.

Fagstoff
Kva er leik?

Vi har alle lekt, derfor har vi eiga erfaring og forståing av kva leik er. Lek er ein sprudlande aktivitet som gir oss gneiste til å gjere noko.