Hopp til innhald

Fagstoff

Leik er ein naturleg del av livet til barn

Barn leiker fordi det gir ei oppleving av glede og velvære i kvardagen. Det er moro å leike. Å leike er ein naturleg del av livet til barnet.
Fem barn på rekkje. Dei held kvarandre i hendene mens dei smiler og spring i ein park. Foto.
Opne bilete i eit nytt vindauge

Leik er ein naturleg del av livet til barnet

Å leike er noko som ligg i naturen og åtferda til mennesket. Leik er ikkje noko berre barn gjer, men alle menneske, òg vaksne. Leik er ein måte å vere i verda på. Leik er ein naturleg veremåte. Vi kan sjå leiken som ein tilstand der den verkelege verda forsvinn, og du lèt deg drive med i det du held på med i leiken si verd.

Leik er ein viktig aktivitet i barndommen og ei verdifull kjelde til glede. Barn leiker for leiken si eiga skuld, ikkje for å oppnå noko anna. Dei leiker fordi det er artig å leike, og fordi dei kan styre leiken sjølve. Å leike er eit mål i seg sjølv. Leiken har ein eigenverdi ved at han gir glede, nyting og spenning. Han bidreg til at vi har det godt og forsterkar immunforsvaret vårt. Leik bidreg slik positivt ved å gi oss ei betre helse.

Barn blir fødde med ein nysgjerrigheit på andre og har eit medfødt behov for å inngå i samspel og leik med andre.

Leik er uttrykksforma til barn. Barn uttrykkjer seg både gjennom kroppen med fysiske handlingar og kroppslege uttrykk og verbalt med stemma. Gjennom leik uttrykkjer barna kjenslene, tankane og førestillingane sine.

Homo ludens – det leikande mennesket

Ungdommar og vaksne hamnar òg i leikande tilstand. Då blir gjerne omgrepet homo ludens nytta, det leikande mennesket. Det er ein tilstand der glede, glød og begeistring er faktorar som driv oss til å halde på. Ofte kan vi sjå dette i uhøgtidelege idrettar, spel, hobbyar eller fritidsaktivitetar. Det er når vi held på med noko som er morosamt og tilfredsstillande i seg sjølv. Vi kjem i ein tilstand der vi gløymer oss sjølve, tid og stad forsvinn, og vi berre leiker med. I denne tilstanden kan vi òg få verdifulle nye tankar og idéar, då denne tilstanden gjer at vi blir kreative og tenkjer nytt.

Vi må verne om leiken

Leiken må vernast fordi han gir glede. Barn skal leike og vere lykkelege her og no. Ei viktig oppgåve for ein barne- og ungdomsarbeidar er derfor å forstå kva leik er, for å kunne verne om han. Vi må kunne skilje mellom leik og andre aktivitetar for å leggje til rette for gode leikemiljø. Ansvaret vårt er å innsjå at barn eig sin eigen leik, og å respektere kva leik betyr for barna. Vi må gi tid og rom til leik i kvardagen deira. Vi må òg nytte kunnskapen vår om leik slik at vi kan hjelpe og støtte barn i leiken, og òg bidra til at barn er lenger i leik, og hjelpe til med å utvikle han. For å få til dette må vi nytte både kunnskap og forståing og førestillingsevne og fantasi.

Utfordringar til deg

  1. Kva vil det seie at leik er ein naturleg del av livet til barnet?
  2. Kva blir meint med ein leikande tilstand?
  3. Tenkjer du at du leiker nokre gonger framleis? Opplever du av å til å vere i ein leikande tilstand?
  4. Kvifor må vi verne om leiken?

Kjelder

Brønstad, E. S. (2019). Lekens egenverdi. I M. H. Frønes & V. Glaser (Red.). Praksisbok for barnehagelærerstudenten (s. 91–102). Universitetsforlaget.

Öhman, M. (2012). Det viktigste er å få leke. Pedagogisk forum.

CC BY-SASkrive av Siv Stai.
Sist fagleg oppdatert 06.01.2021

Læringsressursar

Leik og kva leiken har å seie