Film og filmklipp
Leiken sin eigenverdi
Å leike er gøy! Det er morosamt, spennande og utfordrande. Å leike er magisk! Det er derfor barna leiker. Det å ha det morosamt og oppleve glede i kvardagen gjer at vi har det godt, og det bidreg positivt for den psykiske helsa. Derfor er lek viktig i kvardagen for barn.
Leik gir ei kjensle av glede. Han skaper nysgjerrigheit og ei oppleving av kompetanse. I leiken kan barna bestemme sjølve og finne sine eigne kreative og personlege uttrykk. Leik er ein tilstand som gir lykkekjensle. Barna opplever samhøyr med andre, og det å leike gjer at barn gløymer tid og stad og har merksemda si retta mot leiken. Det er desse opplevingane og kjenslene barn får når dei leiker, som er leiken sin eigenverdi, og det er derfor det å leike er viktig for barnet.
Utfordringar til deg
- Kva har leiken å seie for barn?
- Korleis kan du kome inn i barna si verd?
- Kvifor trur du fantasi hos ein barne- og ungdomsarbeidar har mykje å seie i møte med leikande barn?
- Kva kan observasjon av leiken til barn gi deg kunnskapar om?
Brønstad, E. S. (2019). Lekens egenverdi. I M. H. Frønes & V. Glaser (Red.). Praksisbok for barnehagelærerstudenten (s. 91–102). Universitetsforlaget.
Öhman, M. (2012). Det viktigste er å få leke. Pedagogisk forum.