Kva erfaringar kan barn få i leik?
Barn lærer best når dei sjølv er aktive, gjennom å erfare og utforske verda på sin måte og i sitt tempo. I leik deltek barnet med heile seg. Dei nyttar både hovud og kropp, sansar og kjensler. Leik er ein prosess der barna er til stades, nysgjerrige og undrande på omgivnadene. Dei sansar og opplever med heile kroppen. Dei er aktive og dei prøver hardt for å få til det dei ønskjer. Dei undersøkjer og prøver ut moglege løysingar, får nye erfaringar som gir ny forståing og ny kunnskap. Leiken er med på å danne grunnlaget for evna barn har til refleksjon, tenking, konsentrasjon, innsatsvilje og kreativitet.
Sjå filmen Leiken sin eigenverdi (lenkje i relatert innhold).
Kva erfaringar får barna ved å leiken i denne filmen? Gi konkrete døme frå filmen.
- motoriske erfaringar
- språklege erfaringar
- sosiale erfaringar
- kognitive erfaringar
- emosjonell erfaringar
- erfaringar med fantasi og kreativitet
- Korleis kan erfaringar i leik bidra til ny kunnskap og forståing?
- Korleis kan leik bidra til at barn utviklar evna til refleksjon, tenking, konsentrasjon, innsatsvilje og kreativitet?
- Korleis kan du som barne- og ungdomsarbeidar delta og inspirere til leik slik at alle barn får varierte erfaringar i leik?
Relatert innhald
Å leike er gøy! Det er morosamt, spennande og utfordrande. Å leike er magisk! Det er derfor barna leiker. Å leike bidreg positivt til den psykiske helsa.