Hopp til innhald

Oppgåver og aktivitetar

Etiske dilemma i leik

Vi veit at barn vil leike med andre, og dei treng å ha vener å leike med. Vi veit òg at barn sjølv må få bestemme kven dei vil leike med og kva dei vil leike. Som barne- og ungdomsarbeidar vil du oppleve fleire etiske dilemma i arbeidet med barn og unge.
To gutar sit på bakken ved sida av tre leiketraktorar. Ei jente står litt lenger unna med ein paraply. Det regner ikkje, og barna har sommarklede. Foto.
Opne bilete i eit nytt vindauge

Eit etisk dilemma er når du kjem i ein situasjon der du har fleire val. Du må gjere vurderingar basert på at det er fleire omsyn å ta. Du må tenkje over kva du skal gjere, og du må reflektere over kva følgjer dei vala du tek, vil ha for andre. Å reflektere over ulike etiske dilemma bidreg til at du blir meir medviten rolla di som barne- og ungdomsarbeidar når barn leiker.

Situasjonsbeskriving

Mari, Lars og Peder leiker med traktorar og bilar i sandkassa. Dei lagar veg og har bygd eit stort fjell som dei held på å lage ein tunnel gjennom.


Julie, som er barne- og ungdomsarbeidar, observerer at Markus nettopp vart avvist då han kom bort for å vere med i leiken. Ho ser at Markus er tydeleg skuffa. Han bøyer hovudet når han går bort, ansiktet er heilt alvorleg og det dirrar i leppene hans. Julie har tidlegare observert at Markus har hatt problem med å få delta i leik saman med andre. Ho har sett at han har litt vanskar med å uttrykkje behova og ønska sine i leik med andre.


Frå utdanninga si veit Julie at leik er eit viktig element i livet til barn, at barn leiker fordi det er noko dei har lyst til, og at leik er tiltrekkjande på barn. Ho veit òg at det å delta i leik er viktig for at barn skal ha det bra, føle tilhøyrsel til dei andre barna og at barn får viktige erfaringar som bidreg til utvikling og læring gjennom å delta i leik. Julie veit òg at det er viktig å verne leiken til barn samtidig som ho har ei viktig rolle med å hjelpe barn som ikkje leiker.

Oppgåver

  1. Kva meiner du er ansvaret til Julie her?
  2. Korleis tenkjer du Mari, Lars og Peder opplever det viss Julie seier at dei skal la Markus delta i leiken? Korleis blir det for dei å bli forstyrra i leiken?
  3. På kva måte kan du ta vare på perspektivet til alle dei involverte og retten deira til medverknad i sin eigen kvardag?
  4. Markus har rett til å bli inkludert i leik. Korleis kan du ta vare på behovet hans for å få delta i leik?
  5. Lag ein plan der du skriv kva du kan gjere for å hjelpe og støtte Markus i leikeutviklinga hans. I planen må du òg seie noko om korleis du vil gjere det, og grunngi vala du tek.
CC BY-SASkrive av Siv Stai.
Sist fagleg oppdatert 12.01.2021

Læringsressursar

Leik og kva leiken har å seie