Oppgåve
Innsikt i leiken si verd
Som barne- og ungdomsarbeidar må du ha innsikt i leiken si verd og forstå betydinga til leiken,
slik at du viser respekt og ikkje øydelegg god leik. I denne oppgåva skal du finne ut meir om kva leik er, og kva han betyr for barnet, og dessutan diskutere og reflektere over ulike påstandar om leik.
- Kva meiner vi med at leiken har ein eigenverdi?
- Kva betyding har leiken sin eigenverdi for barnet?
- Korleis kan du vise omsorg for leiken til barn?
- Korleis kan du berike leiken til barn?
- Kva kjenneteiknar leiken til barn?
- Kva vil det seie at leiken er spontan og frivillig?
- Leik stimulerer alle utviklingsområde og legg grunnlaget for læring og utvikling. Kva betyr det?
- Kvifor er det viktig å setje av nok tid til leik?
- Diskuter følgjande påstandar:
- Eigenverdien til leiken må stå i sentrum.
- Leik har så uendeleg mange former og uttrykk, derfor er det så vanskeleg å seie konkret kva leik er.
- Vaksne kan forstyrre og øydeleggje leik.
- Leik er grunnlaget for all læring og utvikling.
- Å ha mykje tid til leik er det viktigaste av det viktige.
- Viss vaksne ikkje er klar over kor viktig leik er, vil dei ikkje ta omsyn til at barn treng tid til å kome i gang med leik, og dei vil heller kanskje ikkje setje av tid til leik fordi dei synest at læringsaktivitetar er viktigare.
Vi kan sjå døme på at barn må avslutte leik og rydde bort leikeutstyr fordi dei skal ete eller gjere noko vaksne har planlagt. Vi kan òg oppleve at vaksne i arbeidet med barn og unge er meir opptekne av tid og praktiske gjeremål i barnehagen/SFO/klubb enn leik.
Reflekter over korleis haldningane dei vaksne har til leik, kan bidra til mindre leik. Spørsmål de kan reflektere over, kan til dømes vere:- Korleis kan vaksne forstyrre og øydeleggje leik?
- Er det alltid naudsynt å rydde bort alle leiker før eit måltid?
- Kva trur du skjer med leiken og dei leikande barna i slike situasjonar?
- Må alle vere med på alt, eller kan nokon halde fram med å leike, mens andre gjer det dei vaksne har planlagt?
- Drøft kva som kjenneteiknar gode innspel frå vaksne i leiken til barna.
- Som barne- og ungdomsarbeidar skal du bidra til at barn får felles opplevingar og erfaringar som kan leggje grunnlag for leik, og du skal leggje til rette for utvikling av leiketema.
Lag forslag til fleire fellesprosjekt og opplevingar som du meiner kan gi inspirasjon til leik og utvikling av leiketema. Vel sjølv alder på barna. Grunngi kvifor du meiner at dette vil bidra positivt med tanke på felles leik.