Hopp til innhald

Fagstoff

Kva er leik?

Vi har alle leikt, derfor har vi òg stort sett eiga erfaring og forståing av kva leik er. Leik er ein sprudlande aktivitet som gir oss gneiste til å gjere noko. Leiken bidreg til å forme oss og gjer oss til den vi er.
Liten gut heller ut vatn frå ein stor kaffikjele på eit bord med sand. Foto.
Opne bilete i eit nytt vindauge

Kva er leik?

Det finst fleire måtar å forstå leiken på, og leik er eit fenomen det har vore vanskeleg å definere. Mange leikeforskarar har prøvd, men det viser seg at det ikkje er så enkelt. Leiken har uendeleg mange former og uttrykk, derfor er det så vanskeleg å seie konkret kva leik er.

Leik er sett på som ein demokratisk rett i barnekonvensjonen. I FNs barnekonvensjon artikkel 31 står det at barn har rett til kvile og fritid og til å delta i leik og fritidsaktivitetar som passar til alderen til barnet. Det betyr at barn skal ha full moglegheit til leik og rekreasjon, og at leik skal anerkjennast som viktig del av livet til barn og av barndommen.

FN definerer leik på følgjande måte: "Barns lek er enhver oppførsel, aktivitet eller prosess satt i gang, styrt og strukturert av barna selv; den finner sted når og hvor mulighetene oppstår." (FN, 2013, s. 5).

Leik er frivillig

Leik er noko barn gjer. Det kan vere alt frå ulik åtferd og ulike aktivitetar til ulike prosessar som barna held på med. Leik er frivillig, det er noko barn må ha lyst til å gjere og vere i. Det er barnet si eiga oppleving av å vere i leik som bestemmer om det er ein leik eller ikkje. Leik er når barna føler lyst til å gjere det av eigen fri vilje, på eige initiativ, eller når dei har lyst til å delta på noko andre inviterer til, fordi dei sjølv vil det.

Vi kan ikkje forklare leik ut frå den ytre aktiviteten, men ut frå kva oppleving barna har av leiken. FNs forståing av leik fortel oss at det ikkje er leik før barn opplever han som sin, og at det er prosessen og prosjektet deira. Leik er når barn har sjølvbestemming til å setje i gang, styre, og strukturere han sjølv. Det er derfor berre dei som deltek i leiken, som kan seie om det er leik eller ikkje.

Leik er derfor ikkje noko ein kan tvinge barnet til. Av den grunnen kan vi seie at ein aktivitet planlagd av vaksne er noko anna enn leik, for i ein slik aktivitet er det nokon andre som styrer og strukturerer, og ikkje barna sjølve. Ein aktivitet kan ha element av leikenheit i seg, men det er ikkje det same som leik.

For å finne ut om barn leiker eller om det heller er ei form for "arbeid" eller utforsking, må vi spørje barna sjølv. Vaksne og barn kategoriserer ikkje likt, og det er barna sjølve som veit om dei faktisk leiker.

Leik er ein tilstand

Leik er eit spesielt fenomen som gir den som leiker, kjensle av glede, lykke, fornøyelse og velbehag. Barna leiker fordi dei har lyst til det sjølve. Dei leiker fordi det er morosamt å leike, og leiken kan gi opplevinga av noko morosamt, magisk, dramatisk, tragisk, skummelt og spennande. Det er denne opplevinga eller tilstanden barna kjem i når dei leiker, som avgjer om det er leik eller ikkje. I denne tilstanden opplever barna å gløyme tid og stad. Dei er engasjerte og konsentrerte om det dei held på med. Dei har ingen bestemd plan, men berre eit ønske om å halde fram det dei held på med – halde fram med å leike fordi det er gøy.

Leik er spontan

Når vi seier at leiken er spontan, tenkjer vi at leik kan oppstå kvar som helst, med kven som helst, og med kva som helst. Han er ikkje planlagd, det er noko som skjer fordi barna sjølv bestemmer at dei vil leike.

Barn har ingen andre mål med å leike enn den kjensla av glede det gir. Leiken har inga bestemd retning frå start, ho utviklar seg naturleg. Det er mykje som kan skje i leiken på bakgrunn av innspela og improvisasjonane frå barna undervegs i leiken. Barn blir fanga i hit-og-dit-rørslene i leiken. Denne hit-og-dit-rørsla kan forklarast med at i leiken skjer ting fordi barna gjer noko, utan at dei på førehand veit kva som vil skje. Gjer vi det slik, så skjer det, gjer vi noko anna, vil noko anna skje. På den måten engasjerer leiken den som leiker.

At leiken er spontan og prega av eksperimentering og improvisasjon undervegs, gjer at han òg blir ustyrleg, uføreseieleg og kaotisk. Det er òg derfor han blir opplevd som spennande, morosam og utfordrande og ikkje minst motiverande for barn.

Leik er mangfaldig

FNs forståing av leik seier oss òg at leik er mangfaldig og har potensial til å anta uendeleg tal på former, anten i grupper eller åleine. Leik inneheld ikkje berre éin type leik, men alt som barn sjølve definerer som leik. Han kan oppstå overalt der barnet er. Når du spør barn om kva leik er, vil du truleg få mange ulike svar. Det kan vere rolleleik som mor, far og barn, å byggje hytter i trea, det kan vere å kjempe om kven som er sterkast, leik med ulike leiketøy som bilar, tog, dokker og spadar og mykje, mykje meir.

Leik har eigenverdi

Barndommen er ein fase i livet som er like verdifull som alle andre fasar i livet. Gledene og naturlegheita i barndommen må vernast og har sin eigenverdi. Eigenverdi betyr at noko er verdifullt i seg sjølv.

FN har sett behov for å sikre tid og plass til spontan leik for barn i dag, sidan leik blir rekna for å ha ei stor betyding i liva til barn. Leik blir sett på som ein viktig del av kvardagslivet i barndommen. Det er noko barn gjer, det er måten dei er i verda på. Det blir peika på at leiken har eigenverdi fordi han representerer glede, moro og fornøyelse for barna. Den gode kjensla dette skaper, gir livslyst og djup glede, ei kjensle av velvære. Det å ha det godt her og no bidreg positivt til den psykiske helsa.

Barn leiker i skogen med tau og ruinar av ei leikehytte. Foto.
Opne bilete i eit nytt vindauge

Utfordringar til deg

  1. Kva leikte du som liten?
  2. Hugsar du kva leik betydde for deg?
  3. Kvifor trur du at det er så viktig at barne- og ungdomsarbeidarar forstår kva leik er, for å kunne ta vare på leiken?
  4. Du skal fortelje ein ven, som tek ei anna utdanning enn du, kva leik er og kva leik betyr for barn. Kva vil du seie?

Kjelder

Brønstad, E. S. (2019). Lekens egenverdi. I M. H. Frønes & V. Glaser (Red.). Praksisbok for barnehagelærerstudenten (s. 91-102). Universitetsforlaget.

FNs konvensjon om barns rettigheter (2013). Generell kommentar nr. 17 (2013) om barnets rett til hvile, fritid, lek, fritidsaktiviteter, kulturliv og kunstnerisk virksomhet (art. 31). https://www.regjeringen.no/contentassets/1376fac2fe2a427389f9f94b52acdefc/crc-c-gc-17_en_nor.PDF

Steinsholt, K. & Næss, S. A. (2016). Motstrøms. Åpninger i retning av en levende pedagogikk. Fagbokforlaget.

Sundsdal, E. & Øksnes, M. (2015). Til forsvar for barns spontane lek. Nordisk tidsskrift for pedagogikk og kritikk, 1. (s. 1–11). http://dx.doi.org/10.17585/ntpk.v1.89

Öhman, M. (2012). Det viktigste er å få leke. Pedagogisk forum.

CC BY-SASkrive av Siv Stai.
Sist fagleg oppdatert 11.12.2020

Læringsressursar

Leik og kva leiken har å seie