Hopp til innhald
Fagartikkel

Kjenneteikn ved leik

Sjølv om leik kan vere vanskeleg å definere, er det ingen tvil om at det å leike gir oss ei kjensle av glede, nyting og spenning. Dei fleste forskarar på leik er òg samde om at det er nokre kjenneteikn som kan fungere som kriterium for det barna definerer som leik.

Kjenneteikn ved leik

Når vi skal beskrive kjenneteikna til leiken, blir desse kjenneteikna kopla til den verdien leiken har for barnet. Leiken sin eigenverdi er den gode kjensla barnet får når det er i ein leiketilstand eller leikestemning. Det å leike er ein måte å ha det godt inni seg på, og det gjer at barnet får ei lykkekjensle. Barnet får ei kjensle av å ha det bra her og no.

Leiken sin eigenverdi for barnet heng saman med ei kjensle av glede, nysgjerrigheit, oppleving av kompetanse, å kunne bestemme sjølv, å finne sine eigne kreative uttrykk i leiken, oppleving av samhøyr med andre, og at det i leiken finst ein slags flyt. Det er dette som bidreg til at det å leike skaper trivsel for barnet, samtidig som det òg er denne kjensla eller tilstanden som bidreg til at dei vil halde fram med å leike.

Å leike er moro, det medfører uvisse, det gir utfordringar og samtidig òg fleksibilitet. Det å leike er gøy i seg sjølv. Barn leiker ikkje for å oppnå noko anna, dei leiker fordi det er morosamt å leike.

Det er barnet si eiga oppleving i leik, som i mange tilfelle er skjult for oss, som avgjer om barnet er i leik. Det er derfor ikkje nok å observere ytre leikeliknande handlingar for å kunne seie at barnet leiker. Kjenneteikn på leik er altså den tilstanden barna kjem i når dei leiker, eller den kjensla og opplevinga dei har når dei leiker.

Glede og nyting

Barn leiker fordi det er moro og spennande. Det gir ei kjensle av glede og nyting. Vi kan sjå at barn som leiker, er avslappa og glade i ansiktet. Dei har det gøy. Når barn er i leikemodus, kan vi mellom anna observere at dei har innovervendt eller nedsenka blikk, stemmeforandringar og aktiv og spent kropp.

Å leike er fridom. Det er noko vi gjer fordi vi har lyst til å gjere det. Den tilstanden av glede, fryd og spenning du opplever når du leiker, gjer at du vil søke deg til leiken for å oppnå denne kjensla igjen. Derfor kan vi seie at det er denne opplevinga som driv barnet til å leike.

Sjølvbestemming

I leiken bestemmer barna sjølv. Dei bestemmer sjølv kvar, når og på kva måte leiken skal gå føre seg. Denne opplevinga av sjølvbestemming og kontroll gjer at barna opplever at dei kan leike utan ytre krav om å prestere. Derfor føler dei seg frie i leiken. Dei kan styre etter eigne reglar, ta initiativ og la fantasien føre dei framover.

Barna lagar reglar som gjeld for denne leiken. Alle som deltek, må følge reglane, men reglane kan likevel endrast etter kvart som leiken utviklar seg. Det viktigaste er at det er dei som deltek i leiken, som bestemmer dette. På den måten har dei som leiker, styringa og regien.

Samhøyr

Leik er ein måte å vere saman på. Leik gir ei oppleving av samhøyr, fordi vi leiker med vennene våre og bygger ein fellesskap, eit vi. Vi er saman om dette. Vi gjer dette saman.

Å kjenne seg akseptert og føle tilknyting til ein fellesskap har mykje å seie for at barnet opplever seg sjølv som verdifull. Det er viktig å ha det bra, her og no og saman med andre. Å få venner i leik og kjenne at nokon vil leike med deg, skaper gode kjensler hos barnet og bidreg til glede og trivsel.

Gjennom å leike undersøker barna korleis dei kan vere saman med andre. Dei utforskar korleis dei kan tilpasse seg dei andre i leiken, når dei bør bidra, hevde seg eller når dei bør halde seg tilbake og la andre sleppe til. Det krev at dei òg må ta andre sitt perspektiv og sjå når andre må bestemme.

Oppleving av kompetanse

Det å leike gir barna ei oppleving av at dei kan og får til noko som dei sjølv ønsker å få til. I leik er dei aktive og deltakande i handlingane, og dei har eit ønske om og anstrenger seg for å få det til. Det handlar ikkje om å nå mål som er klare på førehand, men mål som blir skapte undervegs i leiken av dei som leiker. I leiken er dei nysgjerrige, utforskar og prøver ut nye løysingar.

Når vi utforskar, veit vi ikkje svaret på førehand. Vi blir kanskje uvisse og ser etter moglegheiter, vurderer og gjer val. Det å leike er fritt, trygt og godt, og det gjer at barna tør å utforske og eksperimentere meir enn om det ikkje var på leik. Det er ikkje så farleg om dei feilar, fordi det skjer i leik. Kanskje feilar dei og må tenke ut nye løysingar og prøve på nytt, heilt til dei kjenner at dei er fornøgde eller får til det dei ville. Det gir verdifull meistringskjensle, og dei aukar òg kompetansen sin. Kjensla av å lykkast gir ofte lyst til å halde fram med noko, og det vil vere ei drivkraft til å leike meir.

Tilstand av flyt

I leiken får barna vere aktive med heile seg, både med tankane, kroppen og sansane. Når barn opplever at det er passande utfordringar, gir det oppleving av meistring, og dei blir konsentrerte og djupt engasjerte for å få det til. Dei er i ein tilstand av flyt, der dei blir heilt oppslukte, dei gløymer tid og stad. Dei er intenst til stades med heile seg. Dei er nysgjerrige og undrande til omgivnadene sine, materiala og til leiken. Når barna gløymer seg sjølv, blir dei òg mindre sjølvkritiske. Dei er i staden fokuserte på det dei gjer, og set røyndommen til side. Dei held på fordi dei ønsker det og klarer det, og dei lèt leiken drive seg vidare.

Spenning

Leik inneber òg element av uvisse. Undervis i leiken kan det oppstå noko uventa, nye utfordringar som du må finne nye løysingar på. Kva skjer viss vi gjer slik eller sånn? Det veit vi ikkje på førehand. Vi må prøve det ut og sjå kva som skjer. Det er denne spenninga som gjer det så spennande å leike. Og når vi finn ut noko nytt, vil vi òg få ei ny forståing eller ny kunnskap.

Fantasi og improvisasjon

Fantasi er ei magisk evne til å styre oss bort frå røyndommen. I leiken nyttar du fantasien din til å gjere om røyndommen til det du måtte ønske.

Leik har ikkje klare mål frå start og kan derfor ikkje planleggast på førehand. Leiken utviklar seg etter kvart som barna leiker. Å leike er å improvisere. I leiken skaper barna noko nytt akkurat no, åleine eller saman med andre. Dei nyttar kroppen og tinga rundt seg, lyd og song, rørsler, ord og forteljingar. Leiken kan derfor ta uventa retningar, og barna står fritt til å nytte fantasien og improvisere undervegs. Dette er òg noko av det som gjer det så spennande og morosamt å leike.

Utfordringar til deg

  1. Tenk tilbake til du sjølv var barn. Kva kjenneteikn ved leik hugsar du som viktig frå leiken din?
  2. Korleis kan minna og erfaringane dine frå du sjølv var barn vere til hjelp i rolla som barne- og ungdomsarbeidar?
  3. Kva betyr det at leik er ein tilstand?
  4. På kva måtar bidreg leik til at barn opplever å vere ein del av ein fellesskap?
Kjelder

Brønstad, E. S. (2019). Lekens egenverdi. I M. H. Frønes & V. Glaser (Red.). Praksisbok for barnehagelærerstudenten (s. 91–102). Universitetsforlaget.

FNs konvensjon om barns rettigheter (2013). Generell kommentar nr. 17 (2013) om barnets rett til hvile, fritid, lek, fritidsaktiviteter, kulturliv og kunstnerisk virksomhet (art. 31). https://www.regjeringen.no/contentassets/1376fac2fe2a427389f9f94b52acdefc/crc-c-gc-17_en_nor.PDF

Steinsholt, K. & Næss, S. A. (2016). Motstrøms. Åpninger i retning av en levende pedagogikk. Fagbokforlaget.

Sundsdal, E. & Øksnes, M. (2015). Til forsvar for barns spontane lek. Nordisk tidsskrift for pedagogikk og kritikk, 1. (1–11). http://dx.doi.org/10.17585/ntpk.v1.89

Öhman, M. (2012). Det viktigste er å få leke. Pedagogisk forum.