Fagarbeidar i sjømatproduksjon
Fakta
yrkesnemning: fagarbeidar sjømatproduksjon med fagbrev
utdanning: restaurant- og matfag vg1, matproduksjon vg2, sjømatproduksjon vg3 (opplæring i bedrift i to år)
eventuell vidareutdanning: fagskule, generell studiekompetanse, høgskule, universitet
Kva gjer ein fagarbeidar i sjømatindustrien?
Som ferdigutdanna fagarbeidar vil du ha kjennskap til industriell og effektiv framstilling av tradisjonelle fiskeprodukt som klippfisk, reinska reker, sild og makrell. I tillegg vil du ha kunnskap om stadig vekslande internasjonale mattrendar og teknologiske og bioteknologiske nyvinningar.
Sentrale arbeidsoppgåver
- mottak og kontroll av fisk og annan sjømat
- deltaking i produksjonsprosessen frå råvare til ferdig produkt
- emballering, pakking og merking
- bruk og vedlikehald av maskiner og utstyr
Ein dyktig fagarbeidar i sjømatindustrien
arbeider effektivt, rasjonelt og hygienisk
har god fagkunnskap
har interesse for teknologi og evne til å handtere maskiner
er god til å samarbeide
Kvar kan eg jobbe?
Sjømatbedrifter finst langs heile norskekysten. Det er òg store moglegheiter for å jobbe i utlandet. Bedriftene i ein av Noregs største eksportnæringar har behov for personar med kunnskapar innan kultur, språk, sal og eksport. Den nasjonale sjømatnæringa treng personar med spesialkompetanse innanfor alt frå teknologi, automasjon og IKT til næringsmiddelhygiene, produktutvikling og kvalitetssikring.
Relatert innhald
Nettside hos utdanning.no
Nettside hos vilbli.no