Hopp til innhald

Fagstoff

Kokk

Som kokk må du vere glad i å lage mat og dessutan vere kreativ, allsidig og nøyaktig. Du må kunne lage varm og kald mat for alle typar menneske og høve.

Fakta

  • yrkesnemning: kokk med fagbrev

  • utdanning: restaurant- og matfag vg1, kokk- og servitørfag vg2,
    kokkfag vg3 (opplæring i bedrift i to år)

  • eventuell vidareutdanning: meisterutdanning, fagskule, generell studiekompetanse, høgskule, universitet

Kva gjer ein kokk?

I tillegg til å lage nydeleg mat må du kunne mykje om planlegging, innkjøp, lagring, berekraftig produksjon, kvalitetssikring, presentasjon og økonomi.

Du må òg kunne kommunisere med kollegaer og gjestar for å sikre at maten du lagar, fører til at gjestane trivst og ønsker å oppleve kokekunstane dine igjen.

Sentrale arbeidsoppgåver

  • planlegge rettar og menyar med utgangspunkt i ønska og behova til gjestane
  • lage mat til ulike høve
  • nytte ulike typar råvarer og tillagingsmetodar
  • planlegge innkjøp og berekne prisar
  • legge opp og presentere mat
  • reinhald og produksjonshygiene

Ein dyktig kokk

  • er glad i å lage mat

  • er kreativ og har estetisk sans

  • jobbar godt under press

  • har gode kommunikasjonsevner og jobbar godt i team

  • har god personleg hygiene

  • er serviceorientert

  • følger med på trendar og utvikling i faget

Kvar kan eg jobbe?

Som ferdigutdanna kokk vil du kunne jobbe med mat på ei rekke ulike stader. Du kan til dømes jobbe på restaurantar, kafear og hotell, i kantiner og dessutan innan skipsfart og offshore.

Kokkar legg opp mat på mange tallerkenar til eit selskap. Foto.

Relatert innhald


CC BY-NC-SASkrive av Restaurant og Matfag.no og Jannike Gausdal.
Sist fagleg oppdatert 17.11.2021

Læringsressursar

Yrka innan restaurant- og matfag