Pølsemakar
Fakta
yrkesnemning: pølsemakar med sveinebrev
utdanning: restaurant- og matfag vg1, matproduksjon vg2,
pølsemakarfaget vg3 (opplæring i bedrift i to år)eventuell vidareutdanning: meisterutdanning, fagskule, generell studiekompetanse, høgskule, universitet
Kva gjer ein pølsemakar?
Ein pølsemakar jobbar med produksjon av pølser og andre kjøtvarer og må kunne mykje om råvarene og dei ulike tilarbeidingsprosessane.
For å kunne utøve faget må du ha kunnskap om både handverksmessige tradisjonar og bruk av ny teknologi. I moderne industribedrifter jobbar ein både med produktutvikling og innovasjon og med å vareta tradisjonelle norske kjøtprodukt.
Til dagleg jobbar pølsemakaren med både handverktøy og meir avanserte maskiner. Du må derfor vere bevisst på HMS.
Sentrale arbeidsoppgåver
- produksjon av alle typar pølser, kjøtpålegg, posteiar, spekemat og andre produkt med kjøt som råstoff
- tilskjering og finstykking av kjøtråvarer
- bruk og vedlikehald av handverktøy, maskiner og utstyr
- i ferskvareavdeling: sal av kjøtvarer og informasjon til kundar
Ein dyktig pølsemakar
har god kunnskap om eigenskapane til råvarene
har god kunnskap om dei ulike tilarbeidingsprosessane
jobbar effektivt og hygienisk
har eit bevisst forhold til produktivitet og lønsemd
har godt handlag
Kvar kan eg jobbe?
Dei fleste pølsemakarar arbeider i industrien, men du kan òg jobbe i meir handverksprega bedrifter som produserer kjøtvarer for sal. Ei anna moglegheit er å jobbe i spesialbutikkar eller ferskvareavdelingar i butikk. Som pølsemakar kan du dessutan starte eigen produksjon av spesielle kjøtprodukt.
Relatert innhald
Nettside hos vilbli.no
Nettside hos utdanning.no