Konditor - Verktøykassa – for elevar - NDLA

Hopp til innhald
Fagartikkel

Konditor

Ein god konditor får utløp for sine kunstnariske evner ved å lage, pynte og setje saman kaker og lekre utstillingar.
Film om konditoryrket. Video: Jarle Sten Olsen / CC BY-ND 4.0

Fakta

  • yrkesnemning: konditor med sveinebrev

  • utdanning: restaurant- og matfag vg1, bakar og konditor vg2,
    konditorfaget vg3 (opplæring i bedrift i to år)

  • eventuell vidareutdanning: meisterutdanning, fagskule, generell studiekompetanse, høgskule, universitet

Kva gjer ein konditor?

Ein konditor lagar, pyntar og set saman kaker. Det er eit tradisjonsrikt yrke der du må meistre klassiske og utprøvde teknikkar. I tillegg må du handtere moderne utstyr, strenge hygienekrav og delikate råvarer. Du må vere i stand til å utnytte råvarene på ein økonomisk forsvarleg måte og setje saman lekre utstillingar av ferdige varer.

Konditoren lagar òg dekor og figurar i marsipan, sukker og sjokolade. Alt skal formast, pyntast og dekorerast fint, og ein konditor må derfor vere nøyaktig og ha litt kunstnariske anlegg. Arbeidet består av både handverk og maskinell produksjon.

Sentrale arbeidsoppgåver

  • produksjon av kaker og søtt bakverk
  • produksjon av kremar, glasurar og konfekt
  • bruk og vedlikehald av maskiner og utstyr
  • bruk av både nye og tradisjonelle tillagingsmetodar
  • utvikling og tilpassing av oppskrifter

Ein dyktig konditor

  • er kreativ og har god fantasi

  • har sans for form og farge

  • arbeider nøyaktig og hygienisk

  • har god kunnskap om råvarene

  • har godt handlag

Kvar kan eg jobbe?

Som konditor kan du jobbe i spesialforretningar, bakeri eller konditori. Du kan òg jobbe i storkjøkken på hotell, restaurantar eller cruiseskip.

Relatert innhald

Skrive av Restaurant og Matfag.no.
Sist fagleg oppdatert 17.11.2021