Fagarbeidar i industriell matproduksjon
Fakta
yrkesnemning: fagarbeidar industriell matproduksjon med fagbrev
utdanning: restaurant- og matfag vg1, matproduksjon vg2, industriell matproduksjon vg3 (opplæring i bedrift i to år)
eventuell vidareutdanning: fagskule, generell studiekompetanse, høgskule, universitet
Kva gjer ein fagarbeidar i industriell matproduksjon?
Som fagarbeidar vil du kunne jobbe med alt frå produktutvikling til kvalitetssystem for trygg matproduksjon. Du styrer produksjonslinjer med avansert teknologi og har ansvaret for laboratorieanalysar som skal vareta mattryggleik.
Sentrale arbeidsoppgåver
- varemottak og kontroll av råvarer
- planlegging og styring av produksjon frå start til slutt
- betening av maskiner og anna høgteknologisk utstyr
- gjennomføring av kvalitetskontrollar
- bruk, vedlikehald og enkel reparasjon av maskiner og utstyr
Ein dyktig fagarbeidar i industriell matproduksjon
har interesse for produksjonsprosessar
jobbar nøyaktig og planmessig
er godt organisert
har gode kunnskapar om råvarer
har gode kunnskapar om datateknologi og produksjonsprosessar
Kvar kan eg jobbe?
Næringsmiddelindustrien er stor og har derfor ein arbeidsmarknad med mange moglegheiter. Her kan du velje mellom produksjon av alt frå sjokolade, øl, mineralvatn, vin, brennevin og hermetikk til iskrem og andre mjølkeprodukt, tobakk, kornprodukt og vidareforedling av kjøt og fisk. Industrien går i retning av færre, større og meir spesialiserte produksjonsanlegg og treng stadig nye fagarbeidarar.
Relatert innhald
Nettside hos utdanning.no
Nettside hos vilbli.no