Slaktar
Fakta
yrkesnemning: slaktar med sveinebrev
utdanning: restaurant- og matfag vg1, matproduksjon vg2, slaktarfag vg3 (opplæring i bedrift i to år)
eventuell vidareutdanning: meisterutdanning, fagskule, generell studiekompetanse, høgskule, universitet
Kva gjer ein slaktar?
Som slaktar tek du imot dyret på slakteriet og er med på heile avlivingsprosessen. Avlivinga endar med at den ferdige skrotten blir send vidare i produksjonskjeda.
Slaktaren legg grunnlaget for kvaliteten i alle vidare ledd av kjøtproduksjonen frå bås til bord.
Ein slaktar må ha gode kunnskapar om kjøt som råvare og om kva forhold i slakteprosessen som påverkar kvaliteten. Yrket inneber ein del tunge løft, så du bør vere i god fysisk form.
Sentrale arbeidsoppgåver
- mottak, driving, oppstalling og avliving av dyr
- gjennomføring av slakteprosessen på ein fagleg korrekt måte
- klargjering av skrottane for vidare tilarbeiding
- uttak og behandling av biprodukt
- bruk og vedlikehald av handverktøy, maskiner og utstyr
- etterleving av strenge etiske og hygieniske krav
Ein dyktig slaktar
har god kunnskap om oppbygginga til dyra og veit kva som er god kjøtkvalitet
arbeider på ein effektiv og nøyaktig måte
har ei bevisst etisk grunnhaldning
har godt handlag
Kvar kan eg jobbe?
Som slaktar kan du jobbe i moderne industrielle slakteri, men også i mobile slakteri eller gardsslakteri knytte til oppdrett og produksjon av til dømes kjøtfe, rein og hjortedyr. Den kjøtfaglege kompetansen din kan òg nyttast i andre delar av kjøt- og matbransjen.
Relatert innhald
Nettside hos utdanning.no
Nettside hos vilbli.no