Når vi skal danne oss eit bilete av historiske hendingar, er vi avhengige av å tolke kva ulike primærkjelder fortel.

Eit utdrag frå rettsprotokollen i saka mot trollkvinna Helle Jonsdatter i 1652. Teksten er ei såkalla febøn som ho skulle ha sagt fram for å verne dyr mot vonde makter. Trur du denne teksten er den opphavlege, eller er det ei avskrift? Er dette ei primærkjelde eller ei sekundærkjelde?
Omgrep
Kjeldekritikk er ei vurdering av historiske dokument (kjelder) for å avgjere om dei er til å stole på, om dei er truverdige.
Primærkjelde er det originale materialet (dokument, bilete, brev og liknande) som historikaren byggjer framstillingane sine på.
Ei sekundærkjelde byggjer på ei primærkjelde, og er ei tolking av denne.
Primærkjelder og sekundærkjelder

Odin avbilda i eit gammalt islandsk manuskript. Slike manuskript kan fortelje oss mykje om norrøn mytologi og eldre norsk historie.
Historia, som vi kjenner henne, er eigentleg ei attforteljing basert på fragment overlevert oss frå fortida. Desse fragmenta kallar vi kjelder, og dei kan vere alt frå bilete, film, lydband, brev (private og offentlege), aviser og plakatar. Sjølv små frimerke og myntar kan vere kjelder. Dette kallar vi primærkjelder.
Ein historikar som skriv ei lærebok eller lagar ein digital læringsressurs i historie, må byggje forteljinga si på nettopp slike primærkjelder. Den forteljinga han eller ho skriv, kallar vi da for ei sekundærkjelde.
Historikaren kan intervjue personar som opplevde tida han eller ho skriv om. Eit slikt intervju er også ei primærkjelde. Men dessverre er det ofte slik at personen ikkje lever lenger, og kva da? Den heilskapen som primærkjelda var ein del av, er borte. Historikaren må da bruke dei få kjeldene som er bevart, for å lage ein ny heilskap, for eksempel læreboka di.
Skildringar og leivningar
Ei kjelde kan lesast som ei skildring, ei forteljing om sjølve hendinga, om det som hende.
- Førstehandsskildring eller augevitneskildring er opplysningar gitt av ein person som sjølv har vore til stades ved ei hending. Ei slik skildring inneheld det personen sjølv har sett og opplevd, fortalt ved eigne ord, bilete, film eller liknande.
- Ei andrehandsskildring er ei attforteljing av ei hending, ei skildring som er gjeven att på grunnlag av noko andre har opplevd og fortalt om. Det kan for eksempel vere ein avisartikkel frå samtida.
Eit eksempel på ei førstehandsskildring er forklaringa til ein person som sjølv har opplevd ei ulykke. Ein avisartikkel skriven av ein journalist som kom til ulykkesstaden seinare, er eit eksempel på ei andrehandsskildring.

Antropolog Berit Jansen Sellevold (t.h.) og arkeolog Birgitte Skar studerer leivningane av ei kvinne som levde for 9000 år sidan i den perioden vi kallar eldre steinalder. Analyse av beinrestane kan fortelje oss kor gammal ho var, og kva ho åt.
Ei kjelde kan også vere ei leivning som fortel om situasjonen kjelda er blitt til i. Er ulykkesforklaringa skriven på vanleg papir eller i eit skjema? Er det brukt blyant eller penn? Er skrifta klar og tydeleg eller utflytande og svak? Alt dette kan fortelje oss om personen som skreiv forklaringa, var roleg eller sterkt prega av ulykka.
Kjelder kan tolkast på fleire måtar

Symbola på dette austtyske frimerket gir oss eit bilete av etterkrigstidas «kalde krig» mellom aust og vest.
Det er viktig å hugse at læreboka eller den digitale læringsressursen du har tilgang til på skulen, berre er éin av fleire moglege måtar å tolke fortida på. Kjeldene kan tolkast forskjellig. Ei tolking frå førre generasjon blir ofte sett på som ei feiltolking av historikarar av neste generasjon.
I historiefaget er det derfor viktig å lære å stille kritiske spørsmål til læremiddelet. Kanskje kan dei kjeldene læremiddelet refererer til, tolkast på ein annan måte? Eller kanskje du heller ville lagt vekt på andre emne enn det læremiddelet ditt gjer?
Still spørsmål til kjeldene
I møte med primærkjeldene er det viktig å stille desse spørsmåla:
- Kva slags kjelde er dette?
- Når vart kjelda skapt?
- Kven laga kjelda?
- Kva var føremålet med å lage denne kjelda?
- Kor vart kjelda til?
- Kvifor vart kjelda skapt?
Er kjelda truverdig?
Ein kan også ha i bakhovudet at kjelder dessverre ikkje alltid er til å stole på. Det er derfor viktig å spørje om truverdet til kjelda. Kan vi stole på at det kjelda fortel oss, er sant?
Eit anna viktig spørsmål går på autentisiteten til kjelda. Er kjelda verkeleg så gammal som ho ser ut til? Kan vi stole på at kjelda er ekte? Dette kallar vi kjeldekritikk.