Hopp til innhald

Oppgåver og aktivitetar

Den lange reisa til Noreg

Kor stammar orda i det norske språket frå?

Kva lærer de?

Etter å ha gjort denne oppgåva vil de få meir innsikt i korleis språkkontakt utvidar ordforrådet. De vil også få meir kunnskap om norsk som blandingsspråk: Veldig mange av orda vi bruker til dagleg stammar frå andre språk enn norsk. Dessutan vil de kanskje få litt betre kunnskapar om både geografi og språkhistorie.

Set dykk i par eller grupper på 3–4 personar.

Utstyr

  • eit kart å teikne på, gjerne i A3-format. Det går også an å laste ned kart frå nettet og teikne på dette.
  • noko å skrive med
  • ein PC eller Norsk etymologisk ordbok

Oppdraget

Oppdraget er å finne ut kor orda i norsk daglegtale stammar frå. De skal også få testa førehandskunnskapane. Lenger nede på sida er det ei rekkje ord. Gå fram slik:

  1. Diskuter først kor orda kan kome frå.
  2. Etterpå skal de bruke anten Norsk etymologisk ordbok eller Internett for å finne ut av kor orda stammar frå. Ei god kjelde for å finne ut av orda sin er Det norske akademis ordbok.
  3. Kanskje må de også søkje på nettet for å finne ut kor språk stammar frå? Veit de til dømes kor språket "sanskrit" blei snakka? Bruk Store norske leksikon i tvilstilfelle.
  4. Teikn deretter inn på kartet korleis ordet har hamna i norsk.

Det norske akademis ordbok

Store norske leksikon.

Døme

Kor kjem ordet "sukker" frå? Diskuter først. Etterpå slår de opp i Det Norske Akademis ordbok. Her står det under "etymologi": "via middelnedertysk sucker og italiensk zucchero, frå arabisk".

Aha! Ordet har sitt opphav frå arabisk, men det var ein tur innom både Tyskland og Italia før det hamna hos oss. Vi har altså antakeleg lånt ordet etter kontakt med tyskarar eller italienarar. Desse har igjen vore i kontakt med folk som snakka arabisk.

Då teiknar vi inn "sukker" si reise på kartet. Vi veit ikkje sikkert om "sukker" tok båten eller drog landevegen til Noreg. Men det er eit gammalt ord, så det tok i alle fall ikkje fly. Prøv derfor å teikne inn det som er den mest sannsynlege reisevegen til ordet. Her tar vi utgangspunkt i at "sukker" kom sjøvegen:

Strek på kartet frå Midtausten til Noreg sjøvegen. Illustrasjon.
Opne bilete i eit nytt vindauge

Ord som skal inn på kartet

  • potet
  • sjokolade
  • vin (alkoholhaldig)
  • kajal
  • tabu
  • majones
  • avokado
  • tsunami
  • jungel
  • kajakk
  • kiwi (slå opp på "kivi")
CC BY-SASkrive av Åsa Abusland.
Sist fagleg oppdatert 02.10.2019

Læringsressursar

Språkmøte