Hopp til innhald

Fagstoff

Aust møter vest

Det norske språket er svært ulikt det arabiske. Lydane er forskjellige, og reglane for korleis ord vert sett saman til setningar er forskjellige. I tillegg er måten vi skriv på heilt forskjellig.

Språk er forskjellige

Astrid er fødd og oppvaksen i Noreg. Ho har lært norsk, fransk og engelsk på skulen, og ho har gått eitt år på skule i Frankrike. Hanna kjem frå Irak. Morsmålet hennar er arabisk. Ho og familien budde nokre år i Tyrkia før dei kom til Noreg. Hanna meistrar derfor både norsk, tyrkisk og arabisk.

Forskjellige språklydar

Dei minste byggjesteinane i språket er språklydane. Dei kan vi setje saman til ord med ulik tyding. Arabisk og norsk har mange felles lydar, men nokre lydar finst i berre eitt av språka. Til dømes finst ikkje den norske y-lyden i arabisk.

Forskjellige språkreglar

Norske ord er svært forskjellige frå arabiske ord sidan norsk og arabisk høyrer til ulike språkfamiliar. Orda vert dessutan plasserte i ulik rekkjefølgje i norske og arabiske setningar. Både i arabisk og i norsk bøyer vi ord ved hjelp av endingar, men reglane for bøying er forskjellige i dei to språka.

Forskjellige skriftsystem

I tillegg er det arabiske alfabetet heilt ulikt det norske. Og som ikkje det var nok: Arabisk skriv ein frå høgre mot venstre, ikkje frå venstre mot høgre slik vi er vande med!

Det arabiske alfabetet. Skjermbilde av tabell.
Opne bilete i eit nytt vindauge

Språket er nøkkelen til verda rundt oss

Språkkunnskapar er viktige dersom menneske skal kunne fungere side om side i eit samfunn. Dei som buset seg i Noreg, må lære norsk for å kunne verte ein del av det norske samfunnet. Dei som allereie bur i Noreg, må lære seg andre språk for å kunne kommunisere med menneske i andre land. Derfor er det viktig å forstå kva som er typisk for det norske språket, og korleis norsk skil seg ut frå andre språk i verda.

I Første Mosebok, kap. 11 finn vi ei mytisk forteljing om kvifor det finst mange språk i verda: Babels tårn

CC BY-NC-NDSkrive av Ragna Marie Tørdal og Oddvar Engan. Rettshavar: Dialektxperten
Sist fagleg oppdatert 02.01.2019

Læringsressursar

Språkmøte