Hopp til innhald

Oppgåver og aktivitetar

Potittnorsk møter Groruddalen

Mange ungdomar i Oslo aust snakkar kebabnorsk. Men har du høyrt om "potittnorsk" før? Kva det er, vil du skjøne etter å ha gjort oppgåvene under.

Oppgåve 1 – drama på dialekt

  1. I grupper på tre: Fordel roller slik at éin er einar, éin er toar og tredjemann er trear.

    Under ser du manuskript til eit drama. Du kan anten laste ned PDF-fila eller sjå manuset her på sida. De har ei rolle kvar. Situasjonen er denne: De er tre stykke som møtest i ein park og snakkar om kva som skjedde dagen før.

    Lag ein mest mogleg naturtro samtale slik de ville snakka om de hadde møtst i verkelegheita. Snakk dialekten dykkar. Gjer gjerne om på ord og bruk slang der det er naturleg.

    Filer

    Manus

    1: Det var heilt galskap i går jo.

    2: Det var reine nyttårsaftan.

    3: Det var lite å gjere.

    3: De har lite å gjere altså.

    1: Kva er det med deg kamerat, eg kjende at det var gale.

    2: Var det ikkje godt, eller?

    3: Kva er det du gir meg, kamerat?

    3: Kva skjedde i går?

    2: Rare ting, politiet kom.

    2: Og vi måtte stikke.

    1: Du hadde det på deg? Gud, kjeltring!

    2: Kva skjedde?

    3: Dei ransaka rommet mitt?

    3: Det gjer ingenting, for mamma og pappa…

    2: Må du ta tisseprøve?

    3: Kanskje det, eller ei åtvaring, kanskje bot også, men eg er blakk.

    3: Eg må berre halde litt låg profil.

    1: Det var dumt.

    1: Ikkje dumt som positivt. Eg meiner dumt som negativt!

    2: Skal vi dra til KJ10?

    2: Kenneth og kameratane skal dit.

    1: Det er ingen pene jenter der.

    3: Eg får dame der. Eg veit ikkje med deg, men eg får.

    2: Blås i den staden, det er for dyr inngang. Vi tek det med ro her, vi kameratane.

    1: Er det ingen andre festar?

    3: Vi kan reise til Sentrum scene.

    2: Broren til Sully har ei greie.

    1: Du finn på rare namn, kven er Sully?

    2: Han spelar masse bra. Det kjem mange jenter. Det blir artig.

    NRK-serien 17 handlar om livet til ein ung gut i Groruddalen. Opne episode 2 av 17 på nrk.no og sjå denne frå 04:00 - 06:20.

  2. Snakkar de som gutta i 17? Diskuter i grupper:

    • Korleis var samtalen mellom gutane samanlikna med den samtalen de laga? Var det mykje likt, eller var både ordval og tonefall heilt annleis?

    • Viss det var mykje ulikskapar – korleis vil de forklare det? Har det med kjønn, bakgrunn eller geografi å gjere?

  3. Sjå klippet ein gong til. Skriv ned alle orda du meiner ikkje er norske.

Oppgåve 2. Kva er kebabnorsk i dag?

Sjå videoen over og les artikkelen "Hva er kebabnorsk i dag?" på Forskning.no. Det er ein ganske lang tekst, så det er viktig at du held konsentrasjonen heile vegen.

Tips:

  • Strek under nøkkelord

  • Noter det du meiner er minst fem viktige setningar undervegs i lesinga

  • Etter at du har lese teksten, kan du teste kor mykje du fekk med deg ved å svare på spørsmåla.


Oppgåve 3

Høyr kva språkforskar Margareth Sandvik seier om språk og identitet. Kan noko av det ho seier forklare korleis og kvifor kebabnorsk har utvikla seg?

CC BY-SASkrive av Åsa Abusland.
Sist fagleg oppdatert 26.09.2019

Læringsressursar

Språkmøte