Hopp til innhald

Oppgåver og aktivitetar

Norske språkmøte

Her skal du sjå på to språkinvasjonar i Noreg: Ein frå fortida, som har hatt store konsekvensar for norsk språk, og ein som pågår her og no.

Oppgåve 1 – Språkinvasjon frå sør

Ein invasjon frå sør høyrest ikkje hyggeleg ut. Men denne invasjonen er fredeleg. Og som du vil sjå i løpet av oppgåva, er resultatet av invasjonen viktig for det norske språket vi snakkar til dagleg.

Del A. Kva for ord er urgamle, norske ord?

Kva for nokre av orda i setninga under trur du er norske arveord? Altså ord som er så gamle at dei også blei brukte i daglegtalen til forfedrane våre, vikingane?

Del B. Kvar kjem dei frå?

Viss orda ikkje er norske, kvar kan dei kome frå? Klikk på det landet du trur ordet stammar frå.

Del C. Kvifor er det slik?

Diskuter med ein eller fleire medelevar:

  1. Var det overraskande at vi har så mange ord frå dette landet?
  2. Veit de kva som kan vere årsaka til dette?

Del D. Forklaringa på ordinvasjonen

Oppgåve 2 – Språkinvasjon frå vest

- Sorry, dude! Eg kan ikkje kome på partyet ditt.
- Det er chill...

Del A. Engelsk til vanleg?

Sit i grupper og diskuter spørsmåla. Ein skriv ned:

  1. Bruker de mange engelske ord til vanleg?
  2. Skriv ei liste over dei engelske orda de bruker mest.
  3. Når bruker de desse orda? I samtale med vener? Familie? Når de skriv på mobilen?
  4. Sjå gjennom den siste samtalen de hadde med ein ven på mobilen (t.d. Messenger). Er det mange engelske ord i denne samtalen?

Del B. Slang i russebussen

Serien Nudes frå NRK handlar om ein ung gut frå Bærum som spreier ein video av eit ungt par som har sex på ein fest. Han blir meld og møter sterke negative reaksjonar i lokalmiljøet.

Her skal du sjå Nudes episode 5 på nrk.no. Sjå scenen frå russebussen frå 13:50–14:40.

  1. Skriv ned alle dei engelske orda gutane bruker.
  2. Ville ein samtale mellom dykk vere lik, eller bruker de mindre engelsk?
  3. Meiner de dette er ei realistisk attgiving av korleis ungdom i Noreg snakkar i dag?

Del C. "Norsk - who cares"

I debattinnlegget "Norsk – who cares" i Bergens Tidende, skriv Astri Kamsvåg dette:

«Hvis ikke vi tar ansvar for å bruke ordene som allerede finnes og utvikler nye norske ord for nye fenomener etter hvert som de dukker opp, hvem skal da gjøre det? Det engelske språket tar andre seg av, men det norske språket er det bare vi som kan ta ansvar for. Under dansketiden mistet vi det norrøne språket. Er vi igjen i ferd med å miste språket vårt?» (Kamsvåg, A. 2017)

  1. Diskuter i klassen: Truar bruken av engelsk det norske språket?

Del D. Bodylotion eller hudkrem?

Vel de å bruke det engelske eller norske ordet?

Ta ei handsopprekking i klassen. Kven av dykk bruker det engelske, og kven vel det norske ordet i daglegtalen?

Engelsk eller norsk?

Seier de...

Eller...

bodylotion

hudkrem

keeper

målvakt

snowboard

snøbrett

printer

skrivar

computer/PC

datamaskin

audition

opptaksprøve

shoppingsenter

kjøpesenter

pushup

armheving

Del E. Språkrådet sitt syn på den engelske invasjonen

Sjå videoen under og svar på desse spørsmåla:

  1. Kva synest Språkrådet vi bør gjere med engelske ord i norsk?
  2. Kva er avløysarord?
  3. Korleis har engelsk invadert norske høgskular og universitet?
  4. Kva problem kan engelsk i høgare utdanning skape for studentane?

Del F. Lag avløysarord

Språkrådet vil at vi skal finne norske avløysarord for mykje brukte engelske ord.

Sit i grupper: Klarer de å finne eit godt norsk avløysarord for det engelske ordet? Røyst over det beste forslaget i klassen til slutt.

  • milkshake
  • catwalk
  • mascara
  • snap
  • chatte
  • sudden death
  • tights
  • blogg

Oppgåve 3

30 % av ordforrådet i norsk stammar frå nedertysk. Korleis kan den veldige påverknaden frå engelsk forandre dagens norske språk?

Gå saman i par eller grupper og lag ein dialog mellom nordmenn i året 2120.

Oppgåve 4

Vel ei av oppgåvene under. Bruk gjerne femavsnittsmetoden.

  1. Skriv ein kort argumenterande tekst der du argumenterer for at engelsk truar norsk, og at vi må bli flinkare til å bevare språket vårt.
  2. Skriv ein kort argumenterande tekst der du argumenterer mot at engelsk truar norsk, og at vi ikkje treng bekymre oss for framtida til norsk språk.
  3. Skriv ein kort argumenterande tekst der du argumenterer for at engelsk bør erstatte norsk som språk i Noreg.
  4. Skriv ein resonnerande tekst der du drøftar om språkmøte mellom norsk og utanlandske språk påverkar det norske språket positivt eller negativt.
CC BY-SASkrive av Åsa Abusland.
Sist fagleg oppdatert 27.09.2019

Læringsressursar

Språkmøte