Hopp til innhald

Fagstoff

Norsk dialektmangfald i fare?

Det norske språket er definitivt mangfaldig. Dialektane våre har så sterk status at finansministeren kan leggje fram statsbudsjettet utan å snakke "fint". Journalistar snakkar dialekten sin på TV utan å skamme seg. Dette må vel kallast eit dialektparadis. Men er det i ferd med å gå tapt?

I videoen under viser Rune Nilson kva dialektmangfald vi har i Noreg – at nasjonalspråket norsk finst i mange ulike variantar. Men korleis skal vi eigentleg definere orda "dialekt"?

Kva er ein dialekt?

Mange vil nok seie at ein dialekt er "ulike måtar å prate på bestemt av kvar du kjem frå i Noreg". Dette er ganske riktig. Det er sånn vi gjerne bruker omgrepet i daglegtalen. Og det er òg det som er den tradisjonelle definisjonen av dialekt.

Dei siste åra har språkvitskapen utvida definisjonen. Dialekt er ikkje berre forskjellar i talemålet på grunn av geografi, men også etnisk bakgrunn og sosiale forskjellar. Det er desse forskjellane som skaper den språkvariasjonen som vi kallar dialektar. (Røyneland, 2003:22).

Det er altså ulike måtar å definere orda "dialekt" på, men folk flest vil nok først og fremst forbinde det med forskjellar i talemålet på grunn av geografi.

Statusen til dialektane i Noreg

Ei vanleg misforståing er å tru at Noreg er eit dialektparadis fordi det er så mange dialektar hos oss i forhold til andre land. Det er ikkje det som gjer oss til eit dialektparadis, for også andre land har store forskjellar i talemål. Det som gjer oss spesielle, er den statusen dialektar har.

Rikstalemål

I Noreg bruker vi dialekt i fleire samanhengar enn i noko anna land i Europa. I andre land er det stort sett ikkje greitt å bruke dialekten sin på TV, på talarstolen eller i andre offisielle samanhengar. I staden er norma å bruke eit rikstalemål eller standardtalemål. Litt sleivete kan vi seie at det er det same som å snakke "fint". Det er eit talemål utan spesielle dialekttrekk, og det ligg ofte tett opp til skriftspråket i landet. Om vi hadde hatt denne norma i Noreg, så burde altså alle som snakkar i offisielle samanhengar lagt språket sitt tett opp til anten nynorsk eller bokmål.

Dialektstatusen varierer

Dialektane har ikkje alltid hatt same status som i dag. På 50- og 60-talet var "nordlendingar ikkje ønskte" i ein del hybelannonsar i Oslo-avisene. Og det var nok mange som kvitta seg med dialekten sin då dei flytta til byen for å studere eller å finne jobb. Målet var å passe inn i det gode selskap. Men på 70-talet fekk dialektane auka status. Og i dag er det ingen ting i vegen for å snakke dialektar i offisielle samanhengar i Noreg.

Statusen til dialektane påverkar skriftspråket

Vi finn to variantar av norsk som skriftspråk: nynorsk og bokmål. Du kan sjølv velje kva for eit av skriftspråka du vil bruke. Utviklinga av desse to skriftspråka hengjer nøye saman med statusen til dialektane i Noreg. Særleg viktig er det å leggje merke til at det alltid har vore eit mål i norsk språkpolitikk at skrift og tale skal liggje nærme kvarandre. Dermed har mange endringar i skriftspråket skjedd fordi målet var å få det til å likne mest mogleg på talemålet.

Kvifor har vi to skriftspråk?

Mykje av årsaka til at vi har to skriftspråk kan sporast tilbake til dialektmangfaldet og statusen til dialektane. Då Noreg ikkje lenger var i union med Danmark etter 1814, meinte mange at vi måtte kvitte oss med den danske arven: dansk som skriftspråk. Og det gjorde vi, men på ein måte som er ganske unik: Vi enda opp med to skriftspråk.

Om du skriv bokmål, så skriv du eigentleg dansk som er gradvis fornorska. Nynorsk er eit resultat av den sterke statusen dialektane har hatt i Noreg: Ivar Aasen laga eit heilt nytt skriftspråk basert på norske dialektar.

Vi kan altså seie at den posisjonen dialektar og bygdekulturen har hatt i Noreg, er éi av årsakene til at vi i dag kan velje mellom to skriftspråk.

Valfrie former

Du kan altså velje mellom to skriftspråk, men det stoppar ikkje der. Både bokmål og nynorsk har òg veldig mange valfrie former. Du kan velje om du vil skrive "boken" eller "boka" i bokmål. Og på nynorsk kan du velje om du vil skrive "me" eller "vi". Målet er at du skal kunne skrive på ein måte som ligg nær talemålet ditt.

Tenk over:

Bruker du dei formene som ligg nærast slik du snakkar når du skriv? Kvifor/kvifor ikkje?

Hender det at du skriv på dialekten din?

Dialektmangfaldet på veg ut?

Vi har altså slått fast at Noreg er eit dialektparadis, og at dialektane har høg status i landet vårt. Men kva skjer eigentleg med talemålet i Noreg i dag?

Tendens 1: Regionalisering

Dei fleste nordmenn er stolte av at vi har så mange dialektar, men likevel ser vi at dialektane er trua. Fleire stader i Noreg er det berre den eldre generasjonen som held på dialekten sin. På Austlandet snakkar snart alle barn "Oslo-mål". Det same skjer mange andre stader i Noreg: Særprega ved dialektane på mindre stader forsvinn. Dei unge vel å snakke på same vis som i ein større by i regionen. Dette kallar vi for regionalisering.

Det tek til dømes to og ein halv time å køyre mellom Kongsberg og Kongsvinger, men dei fleste ungdomar snakkar ganske likt i dei to byane. Dei snakkar "Oslo-mål". Slik var det ikkje før.

Stolt dialektbrukar?

Studiar viser at dei ungdomane som held best på dialekten, er dei som ikkje søkjer ut av bygda. Dei er gjerne stolte av bygda si og ønskjer å bli verande. Ungdom som ikkje snakkar det opphavelege talemålet til bygda, søkjer gjerne ut. Dei skal utdanne seg og flytte til byane.

I tillegg er det slik at om du er stolt av heimstaden din, så er det større sjanse for at du held på dialekten. Dette har mellom anna Unn Røyneland forska på, og ho fann ut at Tynset og Røros, to kommunar i fjellregionen i Østerdalen, hadde ulik dialektutvikling. Bakgrunnen for dialektforskjellane var at ungdom frå Røros var meir stolte av heimstaden sin enn tynsetingane. Ei jente på 17 år frå Røros seier det slik:

På Tynset har dei ein dialekt som er akkurat lik Oslodialekta. Alle på Tynset snakkar Oslo-ing og det litt meir finare språket. Dei har ikkje teke vare på dialekta si. Rørosdialekta har òg komme etter tynsetdialekta meir og meir. Snart fell dialekten heilt bort. Sidan befolkninga blir større og større, vil fleire og fleire som blir oppvakse i desse kommunane, kutte heilt ut dialekta si. Så om nokon få år vil vi ha mista dialektane.» (Røyneland U, 2005).

Så sjølv om Noreg visstnok er eit dialektparadis, så viser det seg at ungdomar på Austlandet er i ferd med å få ein fellesdialekt som liknar eit rikstalemål. Er ikkje det eit paradoks?

Dialekthierarki fører til regionalisering

Det kan nok høyrast idyllisk ut at Noreg er eit paradis for dialektane, men samtidig meiner mange at det eksisterer eit dialekthierarki i Noreg. Det vil seie at nokre dialektar har høgare status enn andre. Det er ikkje alltid så lett å forklare kva som gjer at nokre dialektar har låg status, men mange vil nok peike på at dialekten er "stygg" eller høyrest "harry" ut når den er brei og ligg eit godt stykke unna dialektane i dei store byane. Kanskje er det den gamle førestillinga om at byfolk er smartare og har høgare utdanning enn bygdefolk som gjer seg gjeldande?

Eit konkret døme på regionalisering er at mange frå Østfold kvittar seg med dialekten sin. Ifølgje språkforskar Arne Torp er årsaka at dei ikkje er stolte av måten dei pratar på:

Det er eit kjenslevart tema å seie at nokre dialektar er gjævare enn andre. Østfold-dialekten er dessverre noko av det verste, og det er sjølvsagt språkleg grunnlaust. Derfor er det mange frå Østfold som legg om. (Veka, 2013).

Det er altså teikn som tyder på trøbbel i paradiset. For ingen skal vel trenge å skamme seg over dialekten sin?

Språkkontakt som årsak til dialektutvanning

I dag møter talemålet vårt andre språkvariantar i mykje større grad enn før. Om du bur i ei lita bygd på Vestlandet, kan du ta bussen til Bergen for å gå på kafe og handle klede når du vil det. Tidlegare var det ikkje like enkelt. Det kravde både tid og planlegging å reise på slike turar. Dermed møtte ikkje bygdemålet bymålet i den grad som det gjer no. I tillegg flyttar veldig mange frå bygd til by for å studere og jobbe. I byane møtest alle dialektane, og mange vel å dempe den opphavelege dialekten sin – kanskje fordi mennesket er eit flokkdyr og ønskjer å likne på resten av flokken?

No er det heller ikkje slik at ungdom berre møter ungdom frå heimstaden sin lengre. Dei kan like gjerne gå heim frå skulen og prate med ungdom frå heile landet, eller verda, for den saks skyld, på internett. Her oppstår det òg språkmøte som kan vere ei årsak til at mange vel å unngå å bruke dei mest særprega delane av dialekten sin.

Tendens 2: Danna daglegtale forsvinn

Ein annan trend er at danna daglegtale, eller det som meir folkeleg heiter "å snakke fint", er på veg til å forsvinne. Tidlegare var det store forskjellar mellom korleis dei rike og dei fattige snakka i dei største norske byane. No er dei "finare" formene av norsk talemål i ferd med å forsvinne. I både Oslo, Bergen, Trondheim og Stavanger snakkar menneske frå ulike bydelar likare enn tidlegare.

Dette heng truleg saman med ei generell sosial utjamning i samfunnet. Det er nok ikkje slik at det blir mindre forskjellar på fattig og rik i Noreg i dag, men menneske med ulik bakgrunn møtest både i klasserommet, på byen og i andre samanhengar. Og i medium møter vi alle moglege dialektar. Det er rett og slett ikkje "kult" å snakke fint lenger. Det blir sagt at vi i Noreg er veldig opptekne av likskap, og med fint talemål blir du kanskje sett på som litt snobbete?

Diskuter i par:

Kva er det å snakke "snobbete"?

Tendens 3: Engelsk på veg inn

Det er ikkje noko nytt at norske ungdomar bruker engelske ord i slang. Kanskje bestefar din sa både "kul" og "streit" på 50-talet. Men i dag er ikkje engelsk berre på veg inn i enkeltord, men også i setningsoppbygginga. "Ta vare" , seier mange til kvarandre. Andre "spottar" feil og "står opp for seg sjølv". Og det er slett ikkje sjeldan lærarar opplever at elevar med norsk som morsmål spør "kva er det norske ordet for...?". For dei hugsar berre det engelske ordet.

Denne språkkontakten kjem nok til å føre til at norsk forandrar seg noko i framtida, for kontakten med engelsk er meir massiv og grunnleggjande enn nokon gong. Når unge "gamer", "chiller" på Netflix eller følgjer sine favoritt-"YouTuberar", føregår kommunikasjonen ofte på engelsk. Dessutan føretrekkjer mange å lese bøker på engelsk i staden for på norsk.

Framtida er vanskeleg å spå. Men kan det vere at dialektparadiset forsvinn og blir erstatta av ei befolkning som snakkar like godt norsk som engelsk?

Reflekter over skildringa av det norske språkmangfaldet i denne artikkelen: Kva trur de kjem til å skje med dialektane i framtida? Og trur de vi snakkar like godt engelsk som norsk om 100 år?

Kjelder

Røyneland, Unn (2003). Språk og dialekt. I: Mæhlum, Brit m.fl. Språkmøte.
Innføring i sosiolingvistikk. Oslo: Cappelen Akademisk Forlag. 13–31.

Røyneland, U. (2005). Dialektnivellering på Røros og Tynset. Språknytt 4/2005. Henta frå https://www.sprakradet.no/vi-og-vart/publikasjoner/spraaknytt/arkivet/2005/spraaknytt_4_2005/dialektnivellering/

Veka, C. (2013. 27. oktober). Østfold er bunnen og Vinje er toppen. NRK.no. Henta frå https://www.nrk.no/kultur/_-ostfold-dialekten-er-verst-1.11319147

Relatert innhald

CC BY-SASkrive av Åsa Abusland, Oddvar Engan, Ragna Maria Tørdal og Marion Federl.
Sist fagleg oppdatert 04.01.2023

Læringsressursar

Språkmøte