Det språklege mangfaldet til klassen
Språkleg mangfold i Noreg
I Noreg har vi eit stort språkleg mangfald. Vi har ei rekke ulike dialektar, samiske språk og tre nasjonale minoritetsspråk – kvensk, romani og romanes – i tillegg til teiknspråk. Dessutan har svært mange norske ungdomar eit anna morsmål enn norsk.
Korleis står det til med språkmangfaldet i klassen? Og ikkje minst: Kva haldningar har klassen til språkleg mangfald?
Del 1: Lag ei ordsky over språk i klassen
Tel opp kor mange ulike språk de i klassen kan. Her skal de både ta med morsmål, andrespråk og språk de lærer på skulen. Skriv alle i ei ordsky.
De kan til dømes bruke Mentimeter til dette.
Del 2: Lag ei ordsky over ordet "hei"
Korleis seier ein ordet "hei" på dei ulike språka klassen kan? Lag ei ny ordsky der alle måtane å seie "hei" på blir viste.
Del 3: Er du stolt av språket ditt?
Ta stilling til desse to påstandane og diskuter i klassen:
- Eg er stolt av morsmålet mitt og håper det eksisterer om 100 år.
- Eg er ikkje oppteken av om morsmålet mitt forsvinn.
Del 4: Kva vil du kalle dialekten din?
Kva namn vil du gi den dialekten du snakkar? Lag ei ny ordsky i klassen som viser dette. Diskuter etterpå:
- Viser denne skya eit mangfald? Kvifor (ikkje)?
- Kva trur de er årsaka til at resultatet blei som det blei?
Del 5: Er du stolt av dialekten din?
Diskuter desse to påstandane i klassen:
- Eg er stolt av dialekten min og vil arbeide for at han ikkje skal forsvinne.
- Eg bryr meg ikkje om dialektar. Det er ikkje farleg om dialektane i Noreg døyr ut.
Del 6: Oppsummer i klassen
Oppsummer i klassen:
- Kva haldningar viste klassen til språkleg mangfald?
- Var det nokon forskjellar på dei haldningane de hadde til ulike språk og dei de hadde til dialektar?
Relatert innhald
Noreg er eit mangfaldig dialektparadis. Men er dette språkmangfaldet i ferd med å forsvinne?