Hopp til innhald

Fagstoff

Tre norske språkmøte

Norsk er ikkje kva det var. Viss du hadde reist 1000 år tilbake i tid, kunne du ikkje ha snakka med nokon. Språk forandrar seg, og mykje av årsaka til dette er språkmøter. Også i dag er norsk i tett kontakt med andre språk.

Forstår du mellomaldernorsk?

I videoen over kan du høyre språkprofessoren Arne Torp snakke norsk slik vi trur det blei gjort på 1200-talet i Noreg.

Lytt til videoen utan å sjå på teksten.

  • Kor mykje forstår du av det som blir sagt? Ranger språkforståinga di frå 1–10.

Antakeleg forstod du lite av språket vi snakka i Noreg i mellomalderen. På denne tida snakka menneska norrønt, eit språk som no er utdøydd.

På 1400-talet er mykje av særpreget ved det norrøne språket på veg ut. Språket er på veg til å forandre seg til det vi kjenner som dagens norsk.

Høyr på språket i videoen under.

  • Forstår du meir av språket her enn det i videoen over? Ranger språkforståinga di frå 1–10.
  • Samanlikn forståinga di med nokre medelevar. Kva kan vere årsaka til at de har lik eller ulik forståing?

Det desse to videoane illustrerer, er at språk ikkje er statisk. På berre nokre få hundreår kan språk forandre seg så hurtig at det nesten ikkje er attkjennande.

Språkmøte 1: Norsk møter nedertysk

Ei viktig årsak til at norsk har forandra seg mykje sidan mellomalderen, er kontakten språket vårt har hatt med nedertysk, eit språk som blir snakka i Nord-Tyskland.

Frå 1200-talet og utover fekk stadig fleire nedertyske ord plass i det norrøne språket. Dei som "lånte bort" orda, var hanseatane – kjøpmenn frå nordtyske byar som samarbeidde om å tryggje varene, skipa og interessene sine, og som dreiv utstrekt handelsverksemd også i Noreg.

Resultatet av dette språkmøtet er at omtrent 30 % av orda du bruker til dagleg, stammar frå nedertysk. For visste du at når du snakkar om at du fekk "handla ei bukse billeg", så er både "handle", "bukse" og "billeg" lånord frå nedertysk?

Språkmøte 2: Norsk møter engelsk

Også i dag strøymer lånord inn i norsk. Men no kjem dei ikkje frå nedertysk, men engelsk. Det er ikkje berre det norske språket engelsk låner bort ord til, men tallause andre språk i verda. Dette kallar vi for "anglifisering".

Tenk over: Kvifor er det akkurat engelsk som har så stor innverknad på språk rundt omkring i verda i dag?

Skriv ned minst to ulike årsaker. Del det du har skrive med nokre medelevar, og skriv ned viss dei har andre punkt enn deg.

Globalisering og anglifisering

I dag er det mykje kontakt mellom menneske som bur i ulike delar av verda. Ungdomar i Singapore og Bergen følgjer med på dei same TV-seriane og høyrer på den same musikken. I tillegg møtest menneske frå heile verda for å spele spel på Internett.

Multinasjonale bedrifter har avdelingar i mange land, deriblant Noreg, og har eit stadig aukande behov for å importere arbeidskraft. Eit fellesomgrep for denne samansette utviklinga er globalisering.

Globaliseringa fører til at grensene mellom ulike språk og kulturar delvis blir viska ut, og at det oppstår nye språk- og kulturformer som tek opp i seg element frå fleire folkegrupper.

Engelsk er det dominerande språket i blant anna underhaldnings- og dataindustrien. Som ein konsekvens av denne situasjonen blir mange språk anglifisert, det vil seie at dei tek opp i seg mange engelske ord og uttrykk.

Språkmøte 3: Norsk møter innvandrarspråk

"Wolla, det er karni, ass. Vi jetter!".

Forstår du kva dette betyr? Då snakkar du kanskje kebabnorsk? Kebabnorsk er kallenamnet på den multietnolekten som har oppstått i Oslo dei siste tretti åra.

Ein multietnolekt er den talevarianten som oppstår i somme miljø der mange innvandrarar møtest. I Noreg er det spesielt i Oslo aust multietnolekten kebabnorsk blir snakka. Og det er spesielt ungdomen som snakkar slik. Kebabnorsk er, som namnet seier, norsk, men det høyrest spesielt ut fordi det har ein spesiell stakkato uttale og setningsoppbygging. I tillegg har det veldig mange lånord frå innvandrarspråk i seg. Her høyrer vi spor av både arabisk, berbisk, urdu osv.

Lurer du framleis på kva setninga over betyr? Svaret kan du finne i denne artikkelen: Kva er kebabnorsk i dag? (forskning.no)

Kjelder

Skjekkeland, T. (2009, 31. mai). Blir norsk eit blandingsspråk? Henta frå https://www.nm.no/lag/mallaget-i-kristiansand/index.cfm?path=82,289&id=306

CC BY-SASkrive av Åsa Abusland, Oddvar Engan, Ragna Tørdal og Marion Federl.
Sist fagleg oppdatert 01.10.2019

Læringsressursar

Språkmøte